laurdag 15. august 2009

Liten stemningsrapport

Los Angeles.

Her er eg no. Kor rart er ikkje det.

Eg er på besøk.
Minst éin gong per dag er eg i parken. Eg teiknar med krit og bles såpebobler. Eg les om Kasper og Jesper og Jonatan. Eg spring ein god del. Eg har òg fått grundig innføring i redningsskøyta Elias sin kvardag. Ein kan lære mykje av dei små.

Vêret er, kanskje ikkje overraskande, ganske fint. Sola skin, skyene er fråverande. Sommar.

Fotoapparatet er flittig brukt. Dette har resultert i, til dømes, dette:



Og dette:


Og ganske mykje av dette:





søndag 26. juli 2009

Dagdrøyming

Frisk av fjelluft og sol sit eg her full av inspirasjon. Igjen. Det må vere noko med Geiranger.

På veg oppover bygda her byrja ein song å sirkulere i hovudet mitt; Jeg er politimester Bastian og er en vennlig mann... Og slik fortsette det, om og om igjen. Eg trur eg song høgt for meg sjølv.
Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og forøvrig kan man gjøre hva man vil. Torbjørn Egner er gud og Kardemommelova fadervår. I alle fall i mitt hovud.

"Jeg ser på menneskenes liv her på jorden som er endeløst stykke gruppearbeid. Oppgaven, formulert i tidenes morgen, er som følger: Grei ut om det dere ser rundt dere. Finn ut hvordan dere på beste måte kan organisere dere og ta naturen i bruk. Beskriv, men deres egne ord, hvordan det er å være menneske. Ta rede på hvordan alt henger sammen og hvorfor dere er her. Bruk den tiden dere trenger." Erlend Loe kan få sagt det. Naivt og supert.

Inger Hagerup skriv: "Vi vil ikke tape. Vi vil ikke miste den ilden vi engang har fått. Mange var veiene. Det bar galt avsted. Styrken ble makt og makten vold, og mennesker trampet hverandre ned. Men alltid var drømmene den ytterste virkelighet." Vær utålmodig, menneske.


"Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um." Olav H. Hauge.


Er ikkje dette inspirerande, so veit ikkje eg.

fredag 24. juli 2009

Sommar er ikkje sommar utan bringebær frå Norddalen.




So enkelt er det.

fredag 17. juli 2009

Barndomsminner

Å spikke trebåtar i garasja til bestefar, sette dei på "ishlje"-elva og springe ved sidan av, heilt ned til fjorden, om å gjere å kome først fram.

Å samle ihop sand og steinar, for so å sleppe dei ned i hola på storebrua, og høyre dei små ploppa i elva der nede.

Å vasse ut mellom tang og tare, i "kjempevarmt" vatn, tidlig sommar.

Å mase om fisketur.

Å sykle på mormor sin gamle, altfor store sykkel, med korg, tre gir, og bremse på trødene.

Å gå på Buda femten gongar dagleg.

Å kaste pilar dagen lang utan å bli lei. Å spele crocket heilt til dei andre blir lei.

Å sove på guleskrå, med elvasus og tjelden som skrik.

Å gå på Storvatnet.


Norddalen er inspirasjon.

måndag 13. juli 2009

Ein augneblink

Over ein månad i Geiranger er allereie over. Vi er for lengst komne inn i tralten med jobb kvar dag, som fører med seg at ingen, til ei kvar tid, veit kva slags dag det er . I den lille bobla i fjordenden står tida still medan ho flyg avgarde. 

Tysken har blitt sterkt forbetra. Det same har evna til å forstå italienarar. Eg er òg nokre litauiske ord rikare. Det hender eg blir lei av å prate engelsk, det er stort sett berre det eg gjer. Men fleire og fleire spanjolar finn vegen til Geiranger, so det er inga fare. Og nokre austlendingar stikk innom, sjølvsagt. 

Det er alt i alt monge artige menneske som passerar kvar einaste dag. Til dømes eldre britar. For halvanna veke sidan kom ein 85 år gammal engelskmann til Vinjenaustet, der Sara jobbar. Sidan han trudde ho var norsk (eigentleg er ho svensk), og sidan tysk er ganske likt norsk, snakka han likesågodt tysk til henne. Han ville ta bilete av henne for deretter å sende det i posten. I går kom der brev til Sara. Frå England. Frå ein Mr. (Texas!!) Ranger (ja, eg berre siterar). Der var postkort. Der var bilete av han ved sidan av eit troll i Olden. Der var bilete av Sara. Der var eit kyrkjehefte. Der var eit brev, med detaljerte kapittel. Og sist, men absolutt ikkje minst, var der strømpebukser. Stretchy strømpebukser. For det er billeg i England, skjønar du. Mr. Ranger hadde verkeleg slått på stortromma. Og Sara har visst meir i vente, for han avslutta med eit feiande: "Mehr strumpfhosen kommen. Auf wiedersehen!". Er det rart vi kjem tilbake år etter år, med slike godbitar i vente?

Men det er meir å gjere i Geiranger enn å jobbe. Eg gjekk for første gong bak Storseterfossen ein dag; den var mektig stor av iskaldt fjellvatn og buldra og bruste med all si kraft nedover Vesteråsdalen. Det er ikkje så skummelt som ein kanskje skulle tru. Og ein bør absolutt få det med seg dersom ein er i området. 
 Ein kveld leigde vi kajakkar og padla til Friaren. Det skal eg gjere fleire gongar. Å sitte på sjølve fjorden, å vere so liten mellom dei store fjella, er ei utruleg kjensle. Heile Geiranger blei sett frå eit anna perspektiv, og Dei Sju Systrene blei med eitt mykje meir fascinerande. Det var min første kajakktur og mine utrente armar fekk kjenne det. Men er ikkje det berre bra? Og på toppen av det heile er det miljøvennleg. Kva meir kan ein ynskje seg? 



søndag 21. juni 2009

Enden av vegen

Når eg rundar neset og Norddalen kjem til syne vert alt anna gløymt. Over ei "fejbeje" (som dei so stiligt kallar det her inne) og vidare langs fjorden. Forbi småbåthamna, naustrekkja. Ein kan so vidt møtast køyrande på den smale vegen som fylgjer lisjeelva (eller ishljeelva på norddaling), og det kan sjå ut som målet er det staselege gjestgiveriet, men litt til sides og bak ligg eit lite hus. Eit fint gammalt hus som heiter Soltun. 

Det er ei lita bygd med rundt 150 innbyggjarar. Dei stillegåande vinterane står i stor kontrast til sommaren, når fleire heldige turistar finn vegen inn frå Geiranger. Men roleg er her til alle tider. Storelva fossar ut i den blanke fjorden, med isvatn frå dei monge fjella som omringar dalen. Dals på eine sida, Rellingen på andre. Over brua, forbi Buda og Iverkaia, ligg kyrkja, bygd i 1782. Der har ein fin utsikt utover fjorden og mot fjella i Dyrdalen på 'hi' sida av elva. 

Kvart år rundt jonsok er det Midtsommardagar i Norddal. Det er konsert i kyrkja, handverksmarknad i nausta, dans på kaia, og "gormeturen" avsluttar det heile på søndagen. Ein får smake på alt dei har å by på her i denne lisje bygda, av kjøt og bær og mykje anna. Dei er flinke som får det til på ein slik liten stad - The Happy End. 

Her på Soltun er det nye ting på gong. Nye veggar skal målast, nye vindauge setjast inn, fleire tre skal plantast. Det blir so fint til slutt, men tidsplanen har det med å bli litt utvida her og der. 

So lenge vi har eit sjeneramibord med kort som heng ihop og ved å fyre med skal vi lide inga naud, trur eg. Det einaste eg saknar er pianoet. Eg trur eg skal legge inn eit forslag om å få det innatt her det høyrer heime, men saksbehandlinga kan vel ta si tid. Gitaren brotna etter eit lite feilsteg i fjor sommar, og sidan ingen har arva evna til Plystre-Nils so må vi ha instrumental hjelp. Det skal vel bli ei råd, tenkjer eg! Å underhalde oss sjølve på andre måtar greier vi iallfall heilt på eiga hand. 

Eg avsluttar med ei liste dialektord -og uttrykk frå Norddalen (eller Dalsbygda, som denne delen av kommuna eigentleg heiter), og vil prøve å forklare/tyde dei etter beste evne:

Eit herkje - noko som er i vegen eller som hindrar noko. 
Ei skeivafære - ei handling som går litt på skeiva...
Eit tyslje - til dømes eit arbeid som å vaske huset. 
Ei ondebreslje - ei truse.
Å vere abakeleg - at noko kanskje er litt vanskeleg å få til. 
Å vere hyskje - noko som ikkje er spesielt fint. 
Å vere avskjepla - å vere litt forvirra eller forstyrra. 
Ein myhank - det somme (og med det meiner eg voldingar, med fleire) ville ha kalla ein langføtting.
Eit forveld - det somme ville ha kalla eit fivrell.
Ei kongle - ei vevkjerring.
Musk - når det er noko som det er mykje styr eller arbeid med. 
Ein skjyvjar/Å skjøvje - ein friar, og det dei gjer. 
Ei fejbeje - ei ferist eller kufelle.
Kosjlefengje - noko som er litt stusseleg.
Å vere på styltrå/heilt på lestå - å vere, til dømes, litt gala. 


Det hadde vore artig å høyre om andre brukar same uttrykka andre stadar, og kanskje med andre tydingar?


                                    Storvatnet - ei perle



måndag 15. juni 2009

Heilt på lestå

Geiranger er sommar. Sommar er Geiranger. 

Sjølv om det fram til no har vore prega av maks åtte plussgrader og skodde i fjella, kjennest det likevel ut som sommar. Turistane kjem som før. Dei kjøper troll. Somme går litt lenger og reiser frå Noreg eitt stykk "viking"-sverd rikare. 

Dersom ein ser uforståande på dei pratar dei høgare. Og endå litt høgare. 

Ein tyskar peika på potetgullet og spurde nølande: "This chips you have, is it for dogs?". Nei, det er nok for menneske. "Even this?" Ja, det er nok det. 

So alt er som før. Heilt på lestå, men morosamt likevel.