søndag 13. februar 2011

Diarios de Motocicleta

"¿Qué es lo que se pierde al cruzar una frontera? Cada momento parece partido en dos; melancolía por lo que queda atrás y, por otro lado, todo el entusiasmo por entrar en tierras nuevas"


- Ernesto Guevara de la Serna


"Kva er det ein mistar når ein kryssar ei grense? Kvar augneblink verkar som å vere delt i to; melankoli for det som blir igjen og, på den andre sida, entusiasme for å kome til nye land"

tysdag 1. februar 2011

Det norske paradokset

"Det er typisk norsk å vere god", sa Gro Harlem Brundtland i sin nyttårstale i 1992.

Kanskje var 1991 eit sabla godt år, kva veit eg. Eg var berre fire år. Uansett, er det sant?

Det er typisk norsk å vere gjennomsnittleg god. Det er på same tid typisk norsk å vere naïv. Det er typisk norsk å tru at Norge er den beste plassen på jord å leve, og at alle ville ha gjort nettopp det viss dei kunne. Vi hamnar stadig på toppen av FN sine rangeringar basert på best levestandard o.l. Vi får det omtrent inn med morsmjølka. Ein typisk kommentar frå ein frustrert nordmann i utlandet som støtar på noko uvant vil vere, "Har dei ikkje forstått det endå??". Vi ligg altså eit hakk framom.

Trur vi.


Når eg kjem heim til Norge stussar eg alltid over framsidene til Dagbladet og VG, våre største aviser. Så blir eg oppriktig flau. Etter det fangar velstanden oppmerksomheita - den viser overalt. Ein gløymer det litt for kvar gong. Overflod av alt, på alle områder. Likevel kan ein lese på dei nemnte framsidene (om ein ser vekk ifrå hovudsaka om dagens vêr) om nordmenn som klagar på at geitosten smakar for mykje geit, og at flyturane deira til Syden blir forstyrra til bristepunktet av plagsomme born som lagar unødvendig mykje bråk.

Greit, eg skjønar at det kan vere bekymringar i Norge også. Det er ikkje eit perfekt land, faktisk. Men småleg klaging kan vi vel halde oss for gode til.


Sjølv om det kanskje er vanskeleg å tru for mange, so er det ikkje alle som vil ete brunost kvar einaste dag. Ikkje alle tykkjer det er kjekkast å tilbringe ein søndag framfor fjernsynet for å sjå på diverse kjepphøge karar gå på ski. Ikkje alle ynskjer å leve i minus ti grader i opptil fleire månadar. Og til trass for all velstand og overflod, så er det ikkje alle som kan tenkje seg å bu i Norge, uansett om det hadde vore ein villa på Oslo sin vestkant eller ei hytte på Finnmarksvidda. Ikkje hadde dei fått lov heller, for den saks skuld. I eit land der vi har såpass god plass må vi passe oss for å sleppe inn for monge av dei som faktisk treng det. Men det er ei anna sak.

Ein utforskar ved namn Amyr Klink sa ein gong: "Ein mann treng å reise til plassar han ikkje kjenner for å bryte ned den arrogansen som gjer at vi trur verda er slik vi tenkjer den er, og ikkje slik den er eller kan vere. Arrogansen som gjer oss til meistrar i noko vi aldri har sett, når vi bør vere nybyrjarar, og simpelthen reise og sjå det."

Det er ikkje typisk norsk å vere god. Men det er typisk norsk å tru det. Men for all del: Du må ikkje tru at du er noko, heller.

tysdag 4. januar 2011

Si algiuen llama a tu puerta

Si alguien llama a tu puerta, amiga mía,
y algo en tu sangre late y no reposa
y en su tallo de agua, temblorosa,
la fuente es una líquida armonía.

Si alguien llama a tu puerta y todavía
te sobra tiempo para ser hermosa
y cabe todo abril en una rosa
y por la rosa se desangra el día.

Si alguien llama a tu puerta una mañana
sonora de palomas y campanas
y aún crees en el dolor y en la poesía.

Si aún la vida es verdad y el verso existe.
Si alguien llama a tu puerta y estás triste,
abre, que es el amor, amiga mía.


- Gabriel García Márquez

laurdag 1. januar 2011

Godt nytt år!

Eit tilbakeblikk på februar 2010, av Are Kalvø

"I februar advarte Frp mot islamifisering av Norge. I grunn rart at Frp har so mykje imot muslimar, som dei har så mykje til felles med. Sjå føre deg ei gjennomsnittleg gruppe med konservative muslimar: mannsdominert, litt rart kledd, veldig opptatt av gode, gamaldagse verdiar, respekt for dei eldre, kritiske til nesten alt i det moderne norske samfunnet.
Sleng inn ei dritsur Siv Jensen, og du har Frp si stortingsgruppe."






Alle bør forresten lese siste innlegget på heimesida hans, om jula og kva den eigentleg handlar om.

måndag 20. desember 2010

Desembergate

Jeg kjenner deg igjen, min egen gate
i vinterrøde aftenperspektiv:
de store trær, hvis trette grener luter
mot søvn og sne, de drømmemørke ruter
hvor frosten skjærer roser med sin kniv.
Det er som klinger bak din hvite flate
en gammel sang: Her måtte jeg forlate
en del av det som engang var mitt liv.

Det er som møte med en gammel venn
man nesten hadde glemt. En tone sitrer
i sinnets fiolin; det åndes hen
et sus i moll. Desembersneen knitrer:
Her ligger som i drømme glemt igjen
min egen første ungdom og forvitrer!
Det var i denne gaten jeg fikk lære
hvor myk og dyp en ensomhet kan være.



- André Bjerke

søndag 5. desember 2010

Ho, ho, ho...

fredag 3. desember 2010

Perspektiv