Mørkt treverk og mykje gamle møblar får det til å kjennest ut som om ein går inni ei anna tid. Rett koseleg er der, med mange krikar og krokar, og bøker frå alle verdshjørner. Mesteparten er reisebøker, som til dømes Lonely Planet-bøker, eller forteljingar av ymse utforskarar.
Såg i ei stilig bok med gamle ski-vintage-plakatar. Der var det òg nokre frå Noreg, til dømes denne:

Elles kika eg i ei bok av Lonely Planet som heiter "One Planet", med utruleg fine bilete frå mange forskjellege land. Der var òg mykje kart ein kunne studere. Kan det bli betre? Eg trur ikkje det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar