måndag 27. april 2009

Kvardag

Ein ting ein lærer fort her i England er å stå i kø. Lenge. Det er omtrent like vanleg som å drikke te femten gongar dagleg. Du veit det kjem og du kan ikkje gjere noko for å unngå det (anna enn å jukse, men det gjer du sjølvsagt ikkje). 

Definisjon av kø: Rad av personar eller køyretøy, rekke.  






Definisjon av te: Drikk laga av vatn, tilsett smak med tørka blad.


 

torsdag 16. april 2009

Det var den påskeferien. Det verkar som tida står litt stillare heime, ein har tid til ein ekstra pust. Men ho går like fort. 
Eg gjekk på ski, åt appelsiner, spelte kort, og elles alt som er vanleg å gjere i påska. Eg rakk ein snartur innom Haugen Bok på den siste dagen før dei stengde. Det var berre eg som var der. Tilbodskjellaren var stengt. Eg kjøpte ei bok av Johan Harstad og eit par pennar før eg gjekk vidare. Det er i det heile ganske vemodig, ein bra bokhandel burde alle små plassar ha.  

Mesteparten av tida var eg i Norddal (www.thehappyend.no), som alltid. Besteforeldra mine budde her. Det er ei lita bygd med kanskje 200 innbyggjarar og ein utruleg fin dialekt. Nokre ord er omtrent umuleg å uttale, slik som "islje" som tyder lite eller lisje. Andre, som eg greier å seie, har eg plukka opp og brukar til dagleg. Det er ikkje berre éin gong eg har måtte forklare kva ein "myhank" er. No kan du lure. 
Eg prøvar å henge med i den lokale praten, men alle gardsnamna ser ut til å vere vanskeleg å lære. Det er ikkje berre eitt namn på kvar gard heller. Og det verkar som om alle er anten syskjenborn eller tremenningar med kvarandre. 

Då er det ein stor overgang å kome hit att, til utkanten av London. Her studerar eg journalistikk og internasjonale relasjonar. 
Velkomne skal dokke vere dokke som vil lese det eg skriv.