måndag 25. oktober 2010

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind,
og eg går óg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma iblant
som no over knatrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.


- Halldis Moren Vesaas

laurdag 23. oktober 2010

"Men vita vi maa at den store verd, er berre vaart store federland."

Flyktninghjelpen er ein uavhengig, humanitær organisasjon som gir hjelp, beskyttelse og varige løysingar til menneske på flukt over heile verda. Og pengane til morgondagens tv-aksjon går til dei menneska.
Så sørg for at du bidreg, på ein eller annan måte. For viss vi tenkjer over det så er landegrensene kunstige strek. Ingen veit korleis det hadde vore utan dei. Men éin ting er iallfall sikkert: Dei som blir drevne frå heimane sine må bli tatt vare på, uansett kvar dei kjem.


tysdag 19. oktober 2010

Kjært er minnet

I dag kom eg over eit dikt eg ikkje har lese før.

Det passar fint på ein dag som dette, når eg minnast ein utruleg fin bestefar på det som ville ha vore hans 90-års dag.



Gråt inte når jag er død.
Jag finns innom Er alltid.
Ni har min røst
Den finns i Er.
Den kan ni høra
När ni vill.
Ni har mitt ansikte
Min kropp.
Jag finns i Er.
Ni kan ta fram mig
När ni vill
Allt som finns kvar
Av mig
Er inom Er.
Så er vi jämt tilsammans


- Ukjend