torsdag 28. mai 2009

Å reise berre for hugnad

Tysdag morgon vakna eg klokka fire om morgonen. Litt tidleg, kanskje, men bussen skulle gå tre timar seinare og eg fekk ikkje sove. 

Dagane før avreise var ei blanding av stor glede av å vere ferdig med alle oppgåver og leiting etter ein ny stad å bu. Alt ordna seg heldigvis til slutt.Det gjekk også opp for meg etterkvart at alt eg skulle pakke tok mykje meir plass enn eg trudde. Så dei siste dagane gjekk også med til flytting av ting, noko som resulterte i meg, gåande på kryss og tvers av Kingston med vekselvis stappfull og fjørlett ryggsekk. Det fungerte fint. 

Når eg satt i det tomme rommet mitt så tidleg om morgonen, kom eg plutseleg på bloggen min. Den eg laga når eg var i Ecuador for tre år sidan. Det tok ei stund før eg fann den att på verdsveven, men plutseleg så var den der: http://ecuador-anita.blogspot.com/2006_08_01_archive.html   Det var artig. Eg hadde gløymt ganske mykje , dessverre, og eg skulle ynskje eg hadde skrive oftare. Eg hadde gløymt dei uendelege brasilianske såpeseriane dubba til spansk, og dei uttallege amerikanske seriane som velta ut av kvar einaste tv-skjerm, uansett kvar eg snudde meg. Eg hadde gløymt mitt forsøk på å lære ei klasse med 4-åringar å synge "Lille Petter Edderkopp". Eg hadde gløymt bussane som spydde ut svart røyk kvar gong dei tok laust. 
'Gløymt' er kanskje ikkje det rette ordet, men det hadde iallfall gøymt seg godt. Og monge minner kom att når eg las denne bloggen, og eg hugsa godt kjensla av å vere so framand i eit land, utan å kunne språket eller dei sosiale kodane i samfunnet. Det siste er kanskje det viktigaste. Det var skummelt og spennande og ikkje alltid like lett. Sjenerte vesen passar kanskje ikkje inn i det biletet vi har av latinamerikanarane, men det kan endre seg. Det kjem berre an på korleis ein vil vere. Ein oppfører seg annleis, ein pratar om andre ting. Noko som var ei sjølvfølgje for dei kunne vere noko eg aldri hadde tenkt over. Vi hadde, lite overraskande, forskjellege meiningar om ting. Ein skulle helst ikkje seie så mykje imot foreldre eller lærarar, men det var av og til vanskeleg å la vere. 

Klokka sju tysdag morgon tok eg buss til Heathrow. Det tok omtrent ein halvtime. Sekken min var igjen blytung, og handbagasja var vel strengt tatt litt større og tyngre enn det som er lov. Men alt gjekk knirkefritt, eg blei ikkje eingong stoppa i sikkerheitskontrollen. På den lille bussen til flyet vart eg sittande overfor eit eldre par frå Sunnmøre. Dei tykte det var tungvint å reise slik. Dei las namna på alle flya vi køyrde forbi. Dei tykte det skein opp igjen. Eg smilte for meg sjølv og tenkte at, kjære folk, no skal eg heim!

Etter nokre timars reise var eg framme. Vêret var som forventa - tjukkskodde og regn. Alle som er frå desse trakter veit at det er slik det ofte er. Men, til trass for litt trist vêr så ser det ut som sommaren har kome tidleg i år. Så grønt som dette brukar det ikkje å vere i mai. 
Eg kom, for første gong, heim til tomt hus. Eller, katten var her sjølvsagt. Dette har resultert i mykje gitarspeling, noko som igjen fekk gammal musikkunnskap til å demre. Kvintsirkelen har eg ikkje tenkt på på lenge, og sjølv etter å ha fått han på papiret er eg ikkje heilt sikker på at han er rett. Gå Du Aldri Etter Hennar Fis(s)kestong. Cecilies F
ar B(b)anket E(b)spen, A(b)spen, D(b)essutan G(b)esspen. Eller noko i den dur. Er ikkje så vanskeleg å finne ut av, men litt hjelp frå dei som hugsar betre hadde vore fint. 
Pianoet må òg brukast litt når eg er heime, sjølv om det har vorte ganske surt. Eg tvilar på at Debussy -og Grieg-stykka sitt like bra framleis, men det går an å prøve. 

Men først skal eg gå rundt bygda, lukte på sumaren, og prate litt med sauene her nede. 


                                               Heim, kjære heim


fredag 22. mai 2009

Semester over, sommar byrjar

Eg har sidan sist fått meg ei tomatplante. Ho veks og kosar seg i glaskarmen min.





Alle oppgåver er levert inn. Sola skin. Radioresepsjonistane underheld. Og eg latar som eg pakkar. 


Onsdag kveld var eg i Islington, nord i London. Der var også Ane Brun.

Med akustikk som i Voldakyrkja, var Union Chapel og Ane Brun perfekt. Oppvarmarar var The Boy Who Trapped The Sun, Jennie Abrahamson, og Rebekka Karijord, og dei to siste var med som koristar etterpå. 


Det minte meg om Moldejazzen. Eg håper eg får tid til festivalen i år, det høyrer liksom sommaren til. 

Noko anna eg har fått sidan sist er ein 'button' frå Tate Modern:   



Og eg tenkjer eg berre sluttar der for denne gong. 

onsdag 13. mai 2009

Kingston

Eller The Royal Borough of Kingston-upon-Thames, som det heiter på fint.

Det er her eg bur, og slik ser det ut:






 













 



 
Have a lovely sunny day, dear!

måndag 11. mai 2009

Det nye Noreg?

Nei takk:

http://www.dagsavisen.no/innenriks/article415033.ece


fredag 8. mai 2009

SV? Sp? Kvar blei det av dokke i alt mylderet?



I dag sa vår raudgrøne regjering "ja" til utbygging og drift av Goliat-feltet i Barentshavet. Kvar er det blitt av det grøne? 

"Nei til olje. Framtida er fornybar", står det på SV sine nettsider. Det er ei av deira hovudsaker, saman med Senterpartiet. Når ei samla regjering i dag seier "ja" til Goliat er det noko som skurrar. Varmt snakkar dei alltid om miljøvern og den globale oppvarminga. Men når desse partia ikkje står for det dei har sagt, kven skal då gjere det? 

Eit land som Noreg burde greie betre. Vi kan gjere noko, og det er no det må skje. Utbygging av oljefelt i Nord-Noreg er ikkje rette vegen å gå. 

Som nytt medlem i Natur og Ungdom ropar eg "hurra" for deira innsats og håper dei ikkje mistar motet, men held fram med å seie ifrå. Så får vi håpe dei høyrer. 












tysdag 5. mai 2009

IDAS SOMMARVISA

"Du ska inte tro det blir sommar,
Ifall inte nån sätter fart.
På sommarn och gör lite somrigt,
Då kommer blommorna snart.
Jag gör så at blommorna blommar,
Jag gör hela kohagen grön.
Och nu så har sommaren kommit,
För jag har just tagit bort snöen.

Jag gör mycket vatten i bäcken,
Så där så det hoppar och far.
Jag gör fullt med svalor som flyger,
Och myggor som svalorna tar.
Jag gör löven nya på träden,
Och små fågelbon här og där.
Jag gör himlen vacker om kvällen,
För jag gör den alldeles skär.

Och smultron det gör jag åt barna,
För det tycker jag dom kan få.
Och andra små roliga saker,
Som passar når barna är små.
Och jag gör så roliga ställen,
Där barna kan springa omkring.
Då blir barna fulla med sommar,
Och bena blir fulla med spring."


Eg har skrivedag og gler meg til sommaren. Det er lite som gir meir sommarstemning enn denne songen. Eg ser fram til å gå på fjellet, lese bøker som eg elles ikkje har tid til, og ete mykje jordbær. Eg ser mindre fram til å reparere brotne trollnasar, og å prøve å nynne Grieg si Holberg-suite for interesserte turistar. Uansett, det blir nok kjekt. 

Eg har planar om å få med meg ein amerikanar på Slogen. Eg trur ikkje ho har gått på fjellet før, so kanskje vi skal begynne med ein tur til Storseterfossen. På Slogen har eg sjølv berre vore éin gong, men det er verdt å gjere monge fleire gongar, til trass for ein fleire timars nedovertur med skjelvande bein. Utsikta er noko av det finaste eg har sett. 




Her i England denne siste veka har fem skular blitt stengt på grunn av svineinfluensa. Den svenske krimserien "Wallander" er stor suksess på BBC. Overalt er der karikaturar av Gordon Brown. 1. mai var ikkje fridag, men det var derimot den 4. På framsidene er det som regel banksjefar og politikarar som anten seier "årsak", som får millionbonusar, og som skuldar på andre. Det blir ikkje gammalt. 


fredag 1. mai 2009

Tenk deg om

Sist eg var heime kom eg over eit avisutklipp frå Møre. Det var eit innlegg mi mormor sendte inn som bidrag til debatten om veg til Sollidalen i Volda. 
Diktaren heiter Tommy Skauen og er for meg ukjend, men eg tykkjer diktet fortenar merksemd i dag:

Tenk deg om


Gud laget til et paradis –

og sa til Adam: Bare spis!

Men midt i hagen – står et tre –

med kunnskap – rør nå ikke det!

 

Slik lød det enkle, lille bud –

det første som ble gitt av Gud –

men slangen hvisket: Bare ta,

for kunnskap det er godt å ha!

 

Ja, vi vet hvordan dette gikk –

at Eva tok – og Adam fikk –

Og Paradiset – det gikk tapt –

Så var det slutt – på første akt.

 

Vi har forgiftet luft og vann –

og jorden er i dårlig stand –

På grunn av dette lumske tre –

som hagen der – var utstyrt med.

 

For kunnskapen – kan føre vill –

hvis ei fornuften – slipper til –

Så stans nå Adam, tenk deg om –

før jorden vår – er øde – tom.