fredag 30. april 2010

Ikke slå

Når eg var lita (ca rundt femårsalderen) hadde eg eit fast nummer eg framførte for alle som var villige til å høyre på. Det vil seie: Dei hadde vel ikkje noko særleg val. Eg nytta spesielt anledninga når det var store familieselskap, som til dømes konfirmasjonar og denslags.

Oppvarminga bestod som regel av opplesing frå boka Majas Alfabet. Der er eitt vers for kvar bokstav i alfabetet. Det første var til dømes slik (om eg hugsar rett):

Det står en ask i hagen vår,
og den er sikkert hundre år.
Det er et snilt og vennlig tre
som gjerne lar seg leke med.
Og aldri blir den sur og lei,
om det kan bli litt husk-om-hei.


Deretter tok eg fram min lille raude radio med mikrofon. At den eigentleg ikkje virka var ikkje så nøye. Så sette eg på musikkvideoen til Gustav Lorentzen sin song, "Ikke slå". Dette var høgdepunktet i førestillinga. Om det er ein song som minnar meg om barndommen, så er det denne.
Sjølv om det var ei utfordring å utføre ballettrinna til jenta på skjermen medan eg heldt mikrofonen, så gjekk det som regel bra. Eg var godt fornøgd med eigen innsats.

Songen er ei perle, og den går slik:


Det er friminutt og plutselig er skolegården full.
Noen prater, noen løper, noen lager tøys og tull.
Noen store går og spiser. Noen andre står og fniser.
Noen leter inni nesa etter gull.

Borti kroken står en flokk med nesten bare gutter i,
men i midten er en jente, hun er åtte eller ni.
Hun er sølete på jakken,
står og kikker ned i bakken

Og de nærmeste kan høre henne si:
Ikke slå, ikke slå, ikke slå, ikke slå.

Når det ringer ut for siste gang og alle mann har fri,
vet hun at de står og venter på et sted hun må forbi.
Hun kan se dem ved butikken, der de bøller i trafikken.

Det er ingen som kan høre henne si:
Ikke slå, ikke slå, ikke slå, ikke slå.

Jenta ynker seg i søvne, det er sent på natterstid
Hun har bamsen med i senga, han er kledd som politi
Mamma setter seg ved henne, stryker datteren på kinnet,

men hun gråter når hun hører barnet si:
Ikke slå, ikke slå, ikke slå, ikke slå.

Ikke slå, ikke slå, ikke slå, ikke slå.



Kvil i fred, Gustav Lorentzen. Takk for alt det gode du gjorde, og for at du berika barndomen min med song og glede.



onsdag 28. april 2010

Hun er fri

Hun er en båt uten anker
Hun har hue fullt av tanker
og et hjerte som banker
for ting som hun tror på

Hun har ikke sko på
Hva er det du glor på
din straite dust

Hun ække inntressert i penger
eller gull og grønne enger
eller tull i myke senger
med en pappagutt som deg

Så du kommer ingen vei
med å leke helt for henne
for det som får a' til å tenne er en gjennomført frik
Slik som han som er på vei bort hit

Han kan snakke hele natta
om ting hun blir betatt av
Så elsker de på matta
som ville dyr

Helt til dagen gryr
Det er et herlig eventyr
for vakre unge mennsker

Tyske, danske, norske, svensker
fra gode trygge hjem
med lomma full av spenn

På jakt etter en venn
de kanskje aldri ser igjen

Ja, det er romantikk
som grenser opp til poesi
Det er slike ting
som vil få minnene på gli
når sommeren er forbi

- Raga Rockers

Ja! So bra kan det altså seiast.

tysdag 27. april 2010

Etter krakket

Eg har lyst å skrive noko. Mitt første innlegg frå ei "ny" maskin. Den gamle bestemte seg for å kræsje sist veke, skjønar du. Og, lur som eg er, hadde eg bileta mine kun der. Alle elleve tusen av dei. Sukk.
Men sjølv om det er grusomt irriterande er det ikkje vits å vere sur so altfor lenge. Éin dag er eigentleg nok. Éin dag var eg pottesur, men så gjekk det over. Heldigvis! Noko so vekkasta.

Istadenfor gjeld det å fokusere på det som må gjerast, nemleg skrive oppgåver. Eg har vel strengt tatt berre éi att. Spørsmålet er som følgjer: Kva land i Europa er det mest demokratiske? Dei likar store spørsmål i dette faget. Politikk har det med å vere sånn. Eg undrar på om det ikkje blir Sverige. Ja, faktisk. Eg likar Sverige. Ikkje at eg nokon gong har vore der, men eg ser berre føre meg at det er ein bra stad. Fint språk har dei også. Eller kanskje eg skal vere patriot og velje Noreg? Eg veit ikkje. Tyskland er kanskje heller ikkje så dumt.
Det er iallfall greit å kunne utelukke nokon frå starten av. Som det landet eg studerar i, til dømes. Det er ikkje mykje proporsjonalitet eller rettferd i dette valsystemet her borte. Men det blir spanande uansett neste veke, for då er det val! Det viktigaste sidan 1922, ifølgje min forelesar. Eg held ein knapp på The Liberal Democrats, men Thatcher sine etterfølgjarar er skremmande populære.

No skal eg lese om det svenske valsystemet. Som mi kjære mor seier: Ja, det er bra nokon gidd å gjere det òg. Tørt kan det absolutt vere, men på ein annan måte er det ganske gøy. Forstå det den som kan. Og er det nokon som har innspel om andre demokrati i Europa så er det berre å seie ifrå.
Med Tullycraft (blant andre) på øyrene skal nok dette gå som ein draum. Eg har trua.

måndag 19. april 2010

"Travel is fatal to prejudice"

I morgon har eg lyst til å vakne opp ein plass der alt er ukjent. Der eg ikkje veit korleis landskapet er, korleis menneska er, eller kva språk dei pratar. Der eg må utforske og lære alt heilt frå byrjinga.

Sidan eg ikkje kan gjere dette akkurat no, på grunn av ymse vulkanar og essay, så sitt eg og tenkjer på nokre av dei plassane eg har vore.




Tatt frå bussen frå Baños til Guayaquil, Ecuador (2007)




Marknad i Otavalo, Ecuador (2006)




Solnedgang i Grand Canyon, Arizona, USA (2007)




Idylliske Tortuga Bay, Las islas Galápagos, Ecuador (2007)




Klatring i Portland, England (2009)




Zion National Park, Utah, USA (2007)




Utsikt frå El Teleférico, Quito, Ecuador (2007)





På veg tilbake til San Sebastián, La Gomera, Las Islas Canarias, Spania (2010)

fredag 16. april 2010

Eyjafjallajökull

At eit vulkanutbrot på Island kan sette mykje av verdas flytrafikk ut av spel er fascinerande. Kanskje har jorda endeleg fått nok. Det hadde isofall ikkje vore rart.






The true mystery of the world is the visible, not the invisible.

- Oscar Wilde

onsdag 7. april 2010

Ord frå Gardermoen

Are you where you are?
Are you not where you are?
Go to where you are,
and I'll wait for you - there.


- Ukjend