tysdag 27. april 2010

Etter krakket

Eg har lyst å skrive noko. Mitt første innlegg frå ei "ny" maskin. Den gamle bestemte seg for å kræsje sist veke, skjønar du. Og, lur som eg er, hadde eg bileta mine kun der. Alle elleve tusen av dei. Sukk.
Men sjølv om det er grusomt irriterande er det ikkje vits å vere sur so altfor lenge. Éin dag er eigentleg nok. Éin dag var eg pottesur, men så gjekk det over. Heldigvis! Noko so vekkasta.

Istadenfor gjeld det å fokusere på det som må gjerast, nemleg skrive oppgåver. Eg har vel strengt tatt berre éi att. Spørsmålet er som følgjer: Kva land i Europa er det mest demokratiske? Dei likar store spørsmål i dette faget. Politikk har det med å vere sånn. Eg undrar på om det ikkje blir Sverige. Ja, faktisk. Eg likar Sverige. Ikkje at eg nokon gong har vore der, men eg ser berre føre meg at det er ein bra stad. Fint språk har dei også. Eller kanskje eg skal vere patriot og velje Noreg? Eg veit ikkje. Tyskland er kanskje heller ikkje så dumt.
Det er iallfall greit å kunne utelukke nokon frå starten av. Som det landet eg studerar i, til dømes. Det er ikkje mykje proporsjonalitet eller rettferd i dette valsystemet her borte. Men det blir spanande uansett neste veke, for då er det val! Det viktigaste sidan 1922, ifølgje min forelesar. Eg held ein knapp på The Liberal Democrats, men Thatcher sine etterfølgjarar er skremmande populære.

No skal eg lese om det svenske valsystemet. Som mi kjære mor seier: Ja, det er bra nokon gidd å gjere det òg. Tørt kan det absolutt vere, men på ein annan måte er det ganske gøy. Forstå det den som kan. Og er det nokon som har innspel om andre demokrati i Europa så er det berre å seie ifrå.
Med Tullycraft (blant andre) på øyrene skal nok dette gå som ein draum. Eg har trua.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar