laurdag 19. juni 2010

Merkeleg annleis

Synonym til ordet 'rar' kan vere merkeleg, snodig, annleis. På engelsk kan det bli odd, funny eller strange. Ord som er kjende for dei fleste og som er i bruk ganske ofte.

Men kva tyder dei? Kva vil det seie å vere rar, eller å gjere noko rart?

Til dømes ein hollandsk turist som var innom Geiranger for nokre dagar sidan.
Det var ein heilt vanleg sommardag. To cruiseskip låg på fjorden. Dei reiste på busstur til Dalsnibba og hadde no kome nedatt. Dei kjøper troll og koppar med elgar og isbjørnar på. Men så... Plutseleg står det ein mann framfor disken, heilt åleine. Han har ein bamse i handa. Han ser på oss og smiler. Han er kanskje 60 år. Så trykker han på bamsen sin mage, og byrjar plutseleg å danse (eller rettare sagt hoppe opp og ned) til musikken som startar. Han smiler endå meir.
Dette kan vi vel vere einige om er ganske rart. Iallfall når vi fann ut seinare at han hadde gjentatt dette nummeret i alle souvenirbutikkane i bygda utover dagen.
Ein snodig, merkeleg mann. Men også stilig og artig.

Alle er vel annleis enn alle andre. Og kvifor ikkje gjere denne eigenskapen, denne rarleiken om du vil, til noko positivt? Dersom som ein ser på det snodige, altså det som er annleis enn det ein er vand med, som noko truande eller skummelt, er det på tide med nye perspektiv. Reis. Opplev. Det er so mongt, seier folk ofte. Og det er nettopp derfor ein må prøve å oppleve så mykje av dette som ein overhovudet kan.

Å greie å setje seg i andre menneske sine skor er noko av det viktigaste ein kan lære seg.

Så tenk no, i ein augneblink, at du er ein middelaldrande, hollandsk turist some er på cruiseferie i Noreg. Du kan finne på resten sjølv. Litt fantasi må ein kunne forlange.
Og neste gong nokon spør om kva tid trolljaktsesongen byrjar, så tenk deg litt om før du svarar. La fantasien gjere sitt verke og prøv å svar (om mogleg) endå snodigare enn spørsmålet du blei spurt om.

Slik kan rarleiken spre seg, til gode og glede for alle og einkvar.

torsdag 3. juni 2010

Jesus! Who died and made you Fox News?!

Pakking er som regel keisamt. Det tek tid, ein må vere inne, og det involverar eit visst nivå av planlegging. Ikkje min favoritt, med andre ord. Men det er noko som 'Wait, wait, don't tell me' lett kan fikse.


Ex-governor Palin departed the national stage in the manner in which she entered - as if she were narrating her own acid trip.

Eg ler og ler.