søndag 21. juni 2009

Enden av vegen

Når eg rundar neset og Norddalen kjem til syne vert alt anna gløymt. Over ei "fejbeje" (som dei so stiligt kallar det her inne) og vidare langs fjorden. Forbi småbåthamna, naustrekkja. Ein kan so vidt møtast køyrande på den smale vegen som fylgjer lisjeelva (eller ishljeelva på norddaling), og det kan sjå ut som målet er det staselege gjestgiveriet, men litt til sides og bak ligg eit lite hus. Eit fint gammalt hus som heiter Soltun. 

Det er ei lita bygd med rundt 150 innbyggjarar. Dei stillegåande vinterane står i stor kontrast til sommaren, når fleire heldige turistar finn vegen inn frå Geiranger. Men roleg er her til alle tider. Storelva fossar ut i den blanke fjorden, med isvatn frå dei monge fjella som omringar dalen. Dals på eine sida, Rellingen på andre. Over brua, forbi Buda og Iverkaia, ligg kyrkja, bygd i 1782. Der har ein fin utsikt utover fjorden og mot fjella i Dyrdalen på 'hi' sida av elva. 

Kvart år rundt jonsok er det Midtsommardagar i Norddal. Det er konsert i kyrkja, handverksmarknad i nausta, dans på kaia, og "gormeturen" avsluttar det heile på søndagen. Ein får smake på alt dei har å by på her i denne lisje bygda, av kjøt og bær og mykje anna. Dei er flinke som får det til på ein slik liten stad - The Happy End. 

Her på Soltun er det nye ting på gong. Nye veggar skal målast, nye vindauge setjast inn, fleire tre skal plantast. Det blir so fint til slutt, men tidsplanen har det med å bli litt utvida her og der. 

So lenge vi har eit sjeneramibord med kort som heng ihop og ved å fyre med skal vi lide inga naud, trur eg. Det einaste eg saknar er pianoet. Eg trur eg skal legge inn eit forslag om å få det innatt her det høyrer heime, men saksbehandlinga kan vel ta si tid. Gitaren brotna etter eit lite feilsteg i fjor sommar, og sidan ingen har arva evna til Plystre-Nils so må vi ha instrumental hjelp. Det skal vel bli ei råd, tenkjer eg! Å underhalde oss sjølve på andre måtar greier vi iallfall heilt på eiga hand. 

Eg avsluttar med ei liste dialektord -og uttrykk frå Norddalen (eller Dalsbygda, som denne delen av kommuna eigentleg heiter), og vil prøve å forklare/tyde dei etter beste evne:

Eit herkje - noko som er i vegen eller som hindrar noko. 
Ei skeivafære - ei handling som går litt på skeiva...
Eit tyslje - til dømes eit arbeid som å vaske huset. 
Ei ondebreslje - ei truse.
Å vere abakeleg - at noko kanskje er litt vanskeleg å få til. 
Å vere hyskje - noko som ikkje er spesielt fint. 
Å vere avskjepla - å vere litt forvirra eller forstyrra. 
Ein myhank - det somme (og med det meiner eg voldingar, med fleire) ville ha kalla ein langføtting.
Eit forveld - det somme ville ha kalla eit fivrell.
Ei kongle - ei vevkjerring.
Musk - når det er noko som det er mykje styr eller arbeid med. 
Ein skjyvjar/Å skjøvje - ein friar, og det dei gjer. 
Ei fejbeje - ei ferist eller kufelle.
Kosjlefengje - noko som er litt stusseleg.
Å vere på styltrå/heilt på lestå - å vere, til dømes, litt gala. 


Det hadde vore artig å høyre om andre brukar same uttrykka andre stadar, og kanskje med andre tydingar?


                                    Storvatnet - ei perle



måndag 15. juni 2009

Heilt på lestå

Geiranger er sommar. Sommar er Geiranger. 

Sjølv om det fram til no har vore prega av maks åtte plussgrader og skodde i fjella, kjennest det likevel ut som sommar. Turistane kjem som før. Dei kjøper troll. Somme går litt lenger og reiser frå Noreg eitt stykk "viking"-sverd rikare. 

Dersom ein ser uforståande på dei pratar dei høgare. Og endå litt høgare. 

Ein tyskar peika på potetgullet og spurde nølande: "This chips you have, is it for dogs?". Nei, det er nok for menneske. "Even this?" Ja, det er nok det. 

So alt er som før. Heilt på lestå, men morosamt likevel.