onsdag 28. oktober 2009

Ei naki grein

"Ei naki grein med blodraud bær

og ei som bladrik blømer,

på kvar sin måte fagre er
for den som kjærleg dømer.

Den eine gjev ein ange, ho,

der ljuv ho ligg og blømer.

Den andre gjev sitt hjart
eblod

når lauv og haustvind rømer.

Den eine skin og strålar, ho,

den andre brenn og mognar

og gjev til sist sitt hjarteblod;

der tung av bær ho bognar.

Eg gav deg den med blomar på.

Eg gjev deg den med bæri.

Kven rikast er vil du få sjå

litt lenger fram på ferdi."

- Olav Aukrust








søndag 25. oktober 2009

Grønt håp

Ein artikkel av generalsekretær i FN, Ban Ki-Moon, i dagens New York Times:

http://www.nytimes.com/2009/10/26/opinion/26iht-edban.html?_r=1&ref=global-home



fredag 23. oktober 2009

Etterpåklokskap

Torsdag var leiaren av BNP med på det kjende "Question Time" på BBC - det var so vidt han kom seg inn dørene på grunn av alle demonstrantane som hadde samla seg utanfor. Og når han prata kjende eg at eg hadde høyrt det før, alt saman. Berre på norsk og med litt finare ord.

BNP, eller British National Party, blei stifta i 1982. Dei blir sett på som eit ekstremt høgrevridd og rasistisk parti.

Dei skriv på heimesida si, at We, the indigenous British people, will become an ethnic minority in our own country well within sixty years. Dei ser på seg sjølve som England sine aboriginerar - dei innfødde som eine og åleine har rett til å vere her.
For eit par dagar sidan endra BNP programmet sitt. No kan også dei som ikkje er kvite bli medlem, viss dei vil.


Det er ikkje berre det dei seier, men måten dei seier det på -
a tsunami of immigration... Dei vil deportere alle som er her ulovleg og stoppe all innvandring, med unntak av spesielle tilfeller.


Høyrest det kjent ut? Det er berre det at Siv Jensen ikkje seier det på same måten - ho vil stramme kraftig inn, ha ei total omlegging, begrense familieinnvandring frå land utanfor EU/EØS. Og orda ein vel å bruke, den politiske retorikken, er avgjerande.

Det har i fleire veker vore folk på universitetet som ville rekruttere folk til demonstrasjonar mot BNP. Dei meinte dei ikkje hadde noko på "Question Time" å gjere. Eg tenkjer heller slik: Det er viktig å høyre alle, sjølv dei ein er blodig ueinige med, for dei skapar ein kontrast - dei representerar det samfunnet mange av oss absolutt ikkje vil leve i. Og er det eit parti som folk kan stemme på, så bør dei ha rett til å ytre seg på lik linje med dei andre partia, uansett kva ein tykkjer om det dei seier.

Men den siste tida har dei gått frå å vere eit ubetydeleg småparti til å ha stor innflytelse, sjølv utanfor dei britiske landegrensene - BNP har no to faste seter i det Europeiske Parlamentet. Oppslutninga om dei stig. Det er val i England neste år, og alle ser ut til å syns at Gordon Brown er ein "fucking twat".
Slik som Frp tapte i Norge trur eg heller ikkje BNP vinn her neste år. Men det som er uroande er at dei har stor støtte frå mange i befolkninga, og dette er noko som kan endre samfunnet betrakteleg i åra som kjem.

Den økonomiske krisa spelar ein viktig del. Alle veit kva som skjedde etter børskrakket i 1929. Ein del historietimar i skulen gjekk med til denne perioda, nettopp fordi den hadde så stor tyding for vårt land, og for so vidt verda, slik den er i dag. Krise, fortviling, usikkerheit - alt dette kjem desse partia til gode, fordi dei har i dei fleste tilfeller ikkje makta når det skjer, og dermed ikkje "skulda" for det som rammar mannen i gata. Dei står fritt til å kritisere og dømme, utan å konkret måtte løyse noko som helst. Men svar har dei: Alt den sitjande regjeringa gjer er feil. Dei er kritiske til alt og alle. Men kvar er løysingane - konkrete løysingar? Og då ignorerar eg dei om å legge ned Sametinget, eller om å sende alle asylsøkjarar til ein leir i Afrika. Ver so snill, kva er det dokke trur om oss? Somme av oss har sjølvstendige, humane tankar, som ikkje går ut på å nedverdige andre menneske.


Ein lærer som regel meir av sine feil enn av det ein gjer bra. Så då burde vi kunne sjå tilbake på samfunnet slik det var når våre besteforeldre var unge, etter det store børskrakket, og prøve å setje oss inn i korleis vi kan unngå deira feilsteg. Etterpåklokskap kan vere ein bra ting.
I ei tid som dette bør oss stå saman for å finne løysingar som kjem alle til gode, ikkje skape splid, hat og fordommar.


søndag 18. oktober 2009

TV-aksjonen

Med fokus på jenter og kvinner jobbar CARE for at alle skal ha eit verdig liv, uansett utgangspunkt.
Dei hjelper dei slik at dei sjølve kan finne vegen ut av fattigdomen, og skape gode løysingar for sine familiar og samfunnet dei lever i.

http://www.care.no/



Støtt tv-aksjonen!

Oss som er så heldige at oss har så mykje å gi bør ta ansvar og støtte dei modige kreftene som fins rundt omkring i verda, på dei måtane oss kan.






onsdag 14. oktober 2009

London, laurdag og Pippi Långstrump

London er stort. Heilt enorm, eigentleg. Rundt åtte millionar menneske bur her, som blir filma av CCTV opptil fleire hundre gongar dagleg. Big Brother is watching. Og der er ganske mykje å sjå.


Vimsande rundt i Londons gater ein laurdag kom eg over ein artig bokhandel: Grant and Cutler Ltd.

For det første kan eg seie at å vere i London på ein laurdag kanskje ikkje er den beste idéen. Det medførar gjerne at ein blir fanga i folkemengda utan å kunne røyve seg ein millime
ter ei ganske long stund, og der er ei stor fare for å utvikle astma i den varme tube-lufta.

Men, altså, det går an av og til. Og spesielt når ein finn slike plassar som dette:




Grant and Cutler - Foreign Language Bookstore.

Der var bøker på alle moglege språk. Arabisk, spansk, fransk, italiensk, norsk, finsk, svensk, dansk, russisk, polsk, tyrkisk - you name it. Og ikkje berre bøker, men filmar også. Og musikk.
Eg måtte sjølvsagt sjå kva norske bøker dei hadde, og det var for det meste Jo Nesbø og
Stieg Larsson sin Millennium-trilogi som dominerte den nordiske hylla. Og Astrid Lindgren. Eg må som regel jobbe hardt for å beherske meg når eg er i ein bokhandel - der er som regel mykje eg kan tenke meg å ha. Men når Pippi Langstrømpe, med flettene på snei og Lilla Gubben løfta over hovudet, tita fram på nederste hylle var det vanskeleg å stå imot. Ja, det var rett og slett umogleg.



Når eg gjekk ut av denne butikken var eg ei lydbok rikare, der Astrid Lindgren sjølv les om Pippi, og i tillegg ein film som heiter La vita è bella, eller Livet er herlig på norsk. Eg har ikkje sett den på lenge, men den er ein av dei finaste filmane eg veit om. Den gjer inntrykk på ein måte som dei fleste filmar ikkje får til. Den er herleg, sjølv om den er svært trist, for det onde blir sett gjennom eit slikt fantasifullt syn.



Men dagen var ikkje over endå. Sjølv om det tok si tid kom oss oss omsider til Waterloo og gjekk mot Bargehouse, som ligg ved Themsen, ikkje langt frå Tate Modern. Der hadde MA-studentane ved Kingston University sitt "degree show" denne helga. Det byr på mykje merkeleg og mykje interessant kunst i monge forskjellege stilar. Ei eg kjenner hadde tatt utgangspunkt i Henrik Ibsen sitt stykke "Hedda Gabler", og då spesielt forholdet mellom Hedda og Løvborg. Dette resulterte i at eg, når eg gjekk inn i kunstlokalet, kunne høyre mi eiga stemme framføre Hedda sine replikkar over lydanlegget. Slik er det å vere norsk i utlandet. Ganske artig. Og det fekk meg til å innsjå at Ibsen er noko ein bør lese meir av.

Ein ganske bra dag vil eg seie. Inspirerande. Men eg trur nok eg held meg vekk frå London sentrum på laurdagar i framtida - det er verkeleg ikkje så stor stas. Eller kanskje det berre er eg som likar meg best utanfor byen, der ein slepp å gå i kø i gatene, og der ein kan sjå føre seg Pippi sine sprell i fred og ro.

fredag 9. oktober 2009

Filosofisk rettferd

Eg held på å lese "Republic" av filosofen Platon til eit av mine fag, og der står blant anna dette:

"The truth is, Socrates, that these regrets, and also the complaints about relations, are to be attributed to the same cause, which is not old age, but men's characters and tempers; for he who is of a calm and happy nature will hardly feel the pressure of age, but to him who is of an opposite disposition youth and age are equally a burden."


Ikkje sant? Fleire vil kanskje sjå føre seg, som eg gjorde, at bøker som dette er veldig vanskelege og tunge å kome igjennom. Tvert imot. Det er rett og slett ganske artig. Uansett om du er einig eller ueinig med Platon sitt bilete av det ideale, rettferdige samfunnet, so må ein setje han inn i hans tid - han levde frå 427 til 347 før vanleg tidsrekning. Det er eit stykke tid sidan. Men likevel har han ganske så "moderne" syn på fleire sider av samfunnet.

Med andre ord, den er verdt å få med seg, for dei som er interessert i slikt. Filosofi, samfunn, menneske, og måten oss behandlar kvarandre på.

Kjempegøy, spør du meg.


måndag 5. oktober 2009

Språkleg mangfald - ja, takk!

http://www.nrk.no/banden/nynorsk-eller-spynorsk/

Banden, eg trudde verkeleg dokke var meir nyanserte enn som så.

torsdag 1. oktober 2009

Willy Rizzo

1955. Klikk.



Glede. Og leik. Trur du dei ved pianoet snudde seg etter biletet blei tatt, brått vakna til live av desse to menneska sine gledesrop?
Eller er dei kanskje stille? For lyden av lykke kan vel vere låg so vel som høg, like verkeleg uansett kven som ser det eller ikkje?

Eg trur trommisen smiler i skjegget han ikkje har og tenkjer ting han aldri vil seie til nokon.