fredag 23. oktober 2009

Etterpåklokskap

Torsdag var leiaren av BNP med på det kjende "Question Time" på BBC - det var so vidt han kom seg inn dørene på grunn av alle demonstrantane som hadde samla seg utanfor. Og når han prata kjende eg at eg hadde høyrt det før, alt saman. Berre på norsk og med litt finare ord.

BNP, eller British National Party, blei stifta i 1982. Dei blir sett på som eit ekstremt høgrevridd og rasistisk parti.

Dei skriv på heimesida si, at We, the indigenous British people, will become an ethnic minority in our own country well within sixty years. Dei ser på seg sjølve som England sine aboriginerar - dei innfødde som eine og åleine har rett til å vere her.
For eit par dagar sidan endra BNP programmet sitt. No kan også dei som ikkje er kvite bli medlem, viss dei vil.


Det er ikkje berre det dei seier, men måten dei seier det på -
a tsunami of immigration... Dei vil deportere alle som er her ulovleg og stoppe all innvandring, med unntak av spesielle tilfeller.


Høyrest det kjent ut? Det er berre det at Siv Jensen ikkje seier det på same måten - ho vil stramme kraftig inn, ha ei total omlegging, begrense familieinnvandring frå land utanfor EU/EØS. Og orda ein vel å bruke, den politiske retorikken, er avgjerande.

Det har i fleire veker vore folk på universitetet som ville rekruttere folk til demonstrasjonar mot BNP. Dei meinte dei ikkje hadde noko på "Question Time" å gjere. Eg tenkjer heller slik: Det er viktig å høyre alle, sjølv dei ein er blodig ueinige med, for dei skapar ein kontrast - dei representerar det samfunnet mange av oss absolutt ikkje vil leve i. Og er det eit parti som folk kan stemme på, så bør dei ha rett til å ytre seg på lik linje med dei andre partia, uansett kva ein tykkjer om det dei seier.

Men den siste tida har dei gått frå å vere eit ubetydeleg småparti til å ha stor innflytelse, sjølv utanfor dei britiske landegrensene - BNP har no to faste seter i det Europeiske Parlamentet. Oppslutninga om dei stig. Det er val i England neste år, og alle ser ut til å syns at Gordon Brown er ein "fucking twat".
Slik som Frp tapte i Norge trur eg heller ikkje BNP vinn her neste år. Men det som er uroande er at dei har stor støtte frå mange i befolkninga, og dette er noko som kan endre samfunnet betrakteleg i åra som kjem.

Den økonomiske krisa spelar ein viktig del. Alle veit kva som skjedde etter børskrakket i 1929. Ein del historietimar i skulen gjekk med til denne perioda, nettopp fordi den hadde så stor tyding for vårt land, og for so vidt verda, slik den er i dag. Krise, fortviling, usikkerheit - alt dette kjem desse partia til gode, fordi dei har i dei fleste tilfeller ikkje makta når det skjer, og dermed ikkje "skulda" for det som rammar mannen i gata. Dei står fritt til å kritisere og dømme, utan å konkret måtte løyse noko som helst. Men svar har dei: Alt den sitjande regjeringa gjer er feil. Dei er kritiske til alt og alle. Men kvar er løysingane - konkrete løysingar? Og då ignorerar eg dei om å legge ned Sametinget, eller om å sende alle asylsøkjarar til ein leir i Afrika. Ver so snill, kva er det dokke trur om oss? Somme av oss har sjølvstendige, humane tankar, som ikkje går ut på å nedverdige andre menneske.


Ein lærer som regel meir av sine feil enn av det ein gjer bra. Så då burde vi kunne sjå tilbake på samfunnet slik det var når våre besteforeldre var unge, etter det store børskrakket, og prøve å setje oss inn i korleis vi kan unngå deira feilsteg. Etterpåklokskap kan vere ein bra ting.
I ei tid som dette bør oss stå saman for å finne løysingar som kjem alle til gode, ikkje skape splid, hat og fordommar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar