onsdag 14. oktober 2009

London, laurdag og Pippi Långstrump

London er stort. Heilt enorm, eigentleg. Rundt åtte millionar menneske bur her, som blir filma av CCTV opptil fleire hundre gongar dagleg. Big Brother is watching. Og der er ganske mykje å sjå.


Vimsande rundt i Londons gater ein laurdag kom eg over ein artig bokhandel: Grant and Cutler Ltd.

For det første kan eg seie at å vere i London på ein laurdag kanskje ikkje er den beste idéen. Det medførar gjerne at ein blir fanga i folkemengda utan å kunne røyve seg ein millime
ter ei ganske long stund, og der er ei stor fare for å utvikle astma i den varme tube-lufta.

Men, altså, det går an av og til. Og spesielt når ein finn slike plassar som dette:




Grant and Cutler - Foreign Language Bookstore.

Der var bøker på alle moglege språk. Arabisk, spansk, fransk, italiensk, norsk, finsk, svensk, dansk, russisk, polsk, tyrkisk - you name it. Og ikkje berre bøker, men filmar også. Og musikk.
Eg måtte sjølvsagt sjå kva norske bøker dei hadde, og det var for det meste Jo Nesbø og
Stieg Larsson sin Millennium-trilogi som dominerte den nordiske hylla. Og Astrid Lindgren. Eg må som regel jobbe hardt for å beherske meg når eg er i ein bokhandel - der er som regel mykje eg kan tenke meg å ha. Men når Pippi Langstrømpe, med flettene på snei og Lilla Gubben løfta over hovudet, tita fram på nederste hylle var det vanskeleg å stå imot. Ja, det var rett og slett umogleg.



Når eg gjekk ut av denne butikken var eg ei lydbok rikare, der Astrid Lindgren sjølv les om Pippi, og i tillegg ein film som heiter La vita è bella, eller Livet er herlig på norsk. Eg har ikkje sett den på lenge, men den er ein av dei finaste filmane eg veit om. Den gjer inntrykk på ein måte som dei fleste filmar ikkje får til. Den er herleg, sjølv om den er svært trist, for det onde blir sett gjennom eit slikt fantasifullt syn.



Men dagen var ikkje over endå. Sjølv om det tok si tid kom oss oss omsider til Waterloo og gjekk mot Bargehouse, som ligg ved Themsen, ikkje langt frå Tate Modern. Der hadde MA-studentane ved Kingston University sitt "degree show" denne helga. Det byr på mykje merkeleg og mykje interessant kunst i monge forskjellege stilar. Ei eg kjenner hadde tatt utgangspunkt i Henrik Ibsen sitt stykke "Hedda Gabler", og då spesielt forholdet mellom Hedda og Løvborg. Dette resulterte i at eg, når eg gjekk inn i kunstlokalet, kunne høyre mi eiga stemme framføre Hedda sine replikkar over lydanlegget. Slik er det å vere norsk i utlandet. Ganske artig. Og det fekk meg til å innsjå at Ibsen er noko ein bør lese meir av.

Ein ganske bra dag vil eg seie. Inspirerande. Men eg trur nok eg held meg vekk frå London sentrum på laurdagar i framtida - det er verkeleg ikkje så stor stas. Eller kanskje det berre er eg som likar meg best utanfor byen, der ein slepp å gå i kø i gatene, og der ein kan sjå føre seg Pippi sine sprell i fred og ro.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar