fredag 8. mai 2009

SV? Sp? Kvar blei det av dokke i alt mylderet?



I dag sa vår raudgrøne regjering "ja" til utbygging og drift av Goliat-feltet i Barentshavet. Kvar er det blitt av det grøne? 

"Nei til olje. Framtida er fornybar", står det på SV sine nettsider. Det er ei av deira hovudsaker, saman med Senterpartiet. Når ei samla regjering i dag seier "ja" til Goliat er det noko som skurrar. Varmt snakkar dei alltid om miljøvern og den globale oppvarminga. Men når desse partia ikkje står for det dei har sagt, kven skal då gjere det? 

Eit land som Noreg burde greie betre. Vi kan gjere noko, og det er no det må skje. Utbygging av oljefelt i Nord-Noreg er ikkje rette vegen å gå. 

Som nytt medlem i Natur og Ungdom ropar eg "hurra" for deira innsats og håper dei ikkje mistar motet, men held fram med å seie ifrå. Så får vi håpe dei høyrer. 












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar