torsdag 28. mai 2009

Å reise berre for hugnad

Tysdag morgon vakna eg klokka fire om morgonen. Litt tidleg, kanskje, men bussen skulle gå tre timar seinare og eg fekk ikkje sove. 

Dagane før avreise var ei blanding av stor glede av å vere ferdig med alle oppgåver og leiting etter ein ny stad å bu. Alt ordna seg heldigvis til slutt.Det gjekk også opp for meg etterkvart at alt eg skulle pakke tok mykje meir plass enn eg trudde. Så dei siste dagane gjekk også med til flytting av ting, noko som resulterte i meg, gåande på kryss og tvers av Kingston med vekselvis stappfull og fjørlett ryggsekk. Det fungerte fint. 

Når eg satt i det tomme rommet mitt så tidleg om morgonen, kom eg plutseleg på bloggen min. Den eg laga når eg var i Ecuador for tre år sidan. Det tok ei stund før eg fann den att på verdsveven, men plutseleg så var den der: http://ecuador-anita.blogspot.com/2006_08_01_archive.html   Det var artig. Eg hadde gløymt ganske mykje , dessverre, og eg skulle ynskje eg hadde skrive oftare. Eg hadde gløymt dei uendelege brasilianske såpeseriane dubba til spansk, og dei uttallege amerikanske seriane som velta ut av kvar einaste tv-skjerm, uansett kvar eg snudde meg. Eg hadde gløymt mitt forsøk på å lære ei klasse med 4-åringar å synge "Lille Petter Edderkopp". Eg hadde gløymt bussane som spydde ut svart røyk kvar gong dei tok laust. 
'Gløymt' er kanskje ikkje det rette ordet, men det hadde iallfall gøymt seg godt. Og monge minner kom att når eg las denne bloggen, og eg hugsa godt kjensla av å vere so framand i eit land, utan å kunne språket eller dei sosiale kodane i samfunnet. Det siste er kanskje det viktigaste. Det var skummelt og spennande og ikkje alltid like lett. Sjenerte vesen passar kanskje ikkje inn i det biletet vi har av latinamerikanarane, men det kan endre seg. Det kjem berre an på korleis ein vil vere. Ein oppfører seg annleis, ein pratar om andre ting. Noko som var ei sjølvfølgje for dei kunne vere noko eg aldri hadde tenkt over. Vi hadde, lite overraskande, forskjellege meiningar om ting. Ein skulle helst ikkje seie så mykje imot foreldre eller lærarar, men det var av og til vanskeleg å la vere. 

Klokka sju tysdag morgon tok eg buss til Heathrow. Det tok omtrent ein halvtime. Sekken min var igjen blytung, og handbagasja var vel strengt tatt litt større og tyngre enn det som er lov. Men alt gjekk knirkefritt, eg blei ikkje eingong stoppa i sikkerheitskontrollen. På den lille bussen til flyet vart eg sittande overfor eit eldre par frå Sunnmøre. Dei tykte det var tungvint å reise slik. Dei las namna på alle flya vi køyrde forbi. Dei tykte det skein opp igjen. Eg smilte for meg sjølv og tenkte at, kjære folk, no skal eg heim!

Etter nokre timars reise var eg framme. Vêret var som forventa - tjukkskodde og regn. Alle som er frå desse trakter veit at det er slik det ofte er. Men, til trass for litt trist vêr så ser det ut som sommaren har kome tidleg i år. Så grønt som dette brukar det ikkje å vere i mai. 
Eg kom, for første gong, heim til tomt hus. Eller, katten var her sjølvsagt. Dette har resultert i mykje gitarspeling, noko som igjen fekk gammal musikkunnskap til å demre. Kvintsirkelen har eg ikkje tenkt på på lenge, og sjølv etter å ha fått han på papiret er eg ikkje heilt sikker på at han er rett. Gå Du Aldri Etter Hennar Fis(s)kestong. Cecilies F
ar B(b)anket E(b)spen, A(b)spen, D(b)essutan G(b)esspen. Eller noko i den dur. Er ikkje så vanskeleg å finne ut av, men litt hjelp frå dei som hugsar betre hadde vore fint. 
Pianoet må òg brukast litt når eg er heime, sjølv om det har vorte ganske surt. Eg tvilar på at Debussy -og Grieg-stykka sitt like bra framleis, men det går an å prøve. 

Men først skal eg gå rundt bygda, lukte på sumaren, og prate litt med sauene her nede. 


                                               Heim, kjære heim


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar