Det er ei lita bygd med rundt 150 innbyggjarar. Dei stillegåande vinterane står i stor kontrast til sommaren, når fleire heldige turistar finn vegen inn frå Geiranger. Men roleg er her til alle tider. Storelva fossar ut i den blanke fjorden, med isvatn frå dei monge fjella som omringar dalen. Dals på eine sida, Rellingen på andre. Over brua, forbi Buda og Iverkaia, ligg kyrkja, bygd i 1782. Der har ein fin utsikt utover fjorden og mot fjella i Dyrdalen på 'hi' sida av elva.
Kvart år rundt jonsok er det Midtsommardagar i Norddal. Det er konsert i kyrkja, handverksmarknad i nausta, dans på kaia, og "gormeturen" avsluttar det heile på søndagen. Ein får smake på alt dei har å by på her i denne lisje bygda, av kjøt og bær og mykje anna. Dei er flinke som får det til på ein slik liten stad - The Happy End.
Her på Soltun er det nye ting på gong. Nye veggar skal målast, nye vindauge setjast inn, fleire tre skal plantast. Det blir so fint til slutt, men tidsplanen har det med å bli litt utvida her og der.
So lenge vi har eit sjeneramibord med kort som heng ihop og ved å fyre med skal vi lide inga naud, trur eg. Det einaste eg saknar er pianoet. Eg trur eg skal legge inn eit forslag om å få det innatt her det høyrer heime, men saksbehandlinga kan vel ta si tid. Gitaren brotna etter eit lite feilsteg i fjor sommar, og sidan ingen har arva evna til Plystre-Nils so må vi ha instrumental hjelp. Det skal vel bli ei råd, tenkjer eg! Å underhalde oss sjølve på andre måtar greier vi iallfall heilt på eiga hand.
Eg avsluttar med ei liste dialektord -og uttrykk frå Norddalen (eller Dalsbygda, som denne delen av kommuna eigentleg heiter), og vil prøve å forklare/tyde dei etter beste evne:
Eit herkje - noko som er i vegen eller som hindrar noko.
Ei skeivafære - ei handling som går litt på skeiva...
Eit tyslje - til dømes eit arbeid som å vaske huset.
Ei ondebreslje - ei truse.
Å vere abakeleg - at noko kanskje er litt vanskeleg å få til.
Å vere hyskje - noko som ikkje er spesielt fint.
Å vere avskjepla - å vere litt forvirra eller forstyrra.
Ein myhank - det somme (og med det meiner eg voldingar, med fleire) ville ha kalla ein langføtting.
Eit forveld - det somme ville ha kalla eit fivrell.
Ei kongle - ei vevkjerring.
Musk - når det er noko som det er mykje styr eller arbeid med.
Ein skjyvjar/Å skjøvje - ein friar, og det dei gjer.
Ei fejbeje - ei ferist eller kufelle.
Kosjlefengje - noko som er litt stusseleg.
Å vere på styltrå/heilt på lestå - å vere, til dømes, litt gala.
Det hadde vore artig å høyre om andre brukar same uttrykka andre stadar, og kanskje med andre tydingar?