laurdag 19. september 2009

Kvistar i håret og blåbær på leggen

Ja, ein ivrig bloggar har eg visst vorte. Det skjedde utan planlegging og vitande vilje, men her sitt eg no likevel.

For etter ein slik tur som eg har vore på i dag går det nesten ikkje an å halde tett. Det er sjølvsagt Storvatnet eg pratar om. Sidan det no har regna i nærmare ein månad i strekk var ikkje utsiktene dei beste for helga. Eg hadde kome heim og hadde eigentleg tenkt å vere der. Men etter å ha vore i fleire månadar i Geiranger utan å ha greidd å kome meg fram til Storvatnet var det eit absolutt møst - eg måtte til Norddalen att. Det er no her eg helst vil vere, uansett.

I dag våkna oss til skyfri himmel, for første gong på lenge. Eg trur aldri eg har tatt så mange bilete i Dyrdalen før. Storvasshornet er på dei aller fleste, men òg mykje lyng, stein, fjell, froskar, strå, elvar, isbrear, sauer, vatn, hyttebøker, utedo og mose har blitt med. Resultatet av dette blei at harddisken min streika og nekta å ta dei imot. Det vart rett og slett for mykje for den.

Oss var omtrent åleine i dalen, med unntak av dei nemnte sauene og eit par hjortar som sprong forbi. Framme med hytta, der det ofte er kald vind, kunne oss sitte ute og ete nista vår som om det var sommars dag. Oss las i gamle hyttebøker, og der står Nils J. på kvar ei side. Han skreiv om ver og vind, og fiske, så klart. Han forbanna vermeldarar som hadde lova sol og finevêr når det piska regn på ruta, men eg trur han likte seg godt der uansett vêr. Han telte kvart eit steg han tok når han gjekk fram ein gong, og kom fram til rundt 11 000. Storvatnet var bestefar sin plass, og ein del av han er der nok endå.

Somme bilete fekk eg likevel lurt innpå før det sa stopp, so her kjem dei:


"From the mountains, we learn modesty; their size makes us feel small and humble,
and so we participate in their greatness."







Det er her eg vil vere, det er her eg vil bu.
I glede og iver,
i latter og ro -
eg og du.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar