måndag 22. februar 2010

Voltaire

Først litt bakgrunnsinfo:

François-Marie Arouet, mest kjend som Voltaire, var fødd i Paris i 1694. Han var ein fransk forfattar, filosof, historikar, dramatikar, og samfunnskritikar. Han var ein aktiv forkjempar for menneskerettar og ytringsfridom, med ei sterk tru på fornuft, toleranse og fridom for alle. Han døde i 1778.


Han skreiv mange verk. Det eg held på å lese er Toleration and Other Essays. Du finn det her: http://oll.libertyfund.org/index.php?option=com_staticxt&staticfile=show.php%3Ftitle=349&layout=html

Med bakgrunn i henrettinga av ein uskuldig mann, Jean Calas, utforskar Voltaire korleis religion kan forvrenge sanninga og brukast til å dømme utan lov og rett.

I byrjinga står det: We know well what the price has been ever since Christians began to dispute about dogmas. Blood has flowed, on scaffolds and in battles, from the fourth century to our own days. We will restrict ourselves here to the wars and horrors which the Reformation struggle caused, and see what was the source of them in France. Possibly a short and faithful account of those calamities will open the eyes of the uninformed and touch the hearts of the humane.


Ein skal respektere religionane - det er ein viktig del av livet til svært mange. Men kritisk er det lov å vere. Og skeptisk. Og det er nett det eg er. Utan å påstå at religion berre fører til krig og elende, kan ein ikkje nekte for at det ofte er slik. Alt som eksisterar kan misbrukast. Eg er veldig for at alle skal få tru på det dei vil, sjølv om det kan bety å ikkje tru. Religion er vanskeleg å forstå. Slik er det vel òg for dei truande?

Mykje har blitt gjort, og blir i stor grad framleis gjort, i Guds namn. Eg trur nok religion svekkar eit menneske sitt syn heller enn å opplyse det. Ja, eg er vel det ein kan kalle ein heidning. Eg trur religion hindrar meir enn den befrir. Men kanskje det er eit naturleg behov, det å ha noko "godt" å tru på, å sjå opp til?

Som Voltaire sa: If there were no God, it would be necessary to invent him.





Politimester Bastian får sagt det.

onsdag 10. februar 2010

Nye eventyr

No når eit nytt semester har byrja er det berre å leite fram motivasjonen og lese iveg. Utfordringar som står for tur er blant anna å argumentere for kva europeisk land som er mest demokratisk, og kva konsekvensar revolusjonen i Iran hadde for dei andre landa i Midtausten.

Eg ser fram til våren. Her i England er det nok vårleg i forhold til heime, men det er ganske kaldt og nokre få snøfnugg dalar ned no og då. Eller "snowstorm" som dei kallar det. Det skal bli fint med ei sol som varmar litt meir.

Studeringa skal bli gøy, sjølv om det er mykje å lese. Mange spanande problemstillingar å diskutere og mange forskjellege meiningar om saker og ting. Ein av fordelane ved å få studere i eit anna land er at ein får lære av andre som kjem frå andre kulturar og synsvinklar. Det er så viktig å kunne greie å sjå ting frå ein annan kant. Det er ikkje alltid like enkelt, men det er inga unnskulding. Ein må vere open for at sitt eige syn kan vere "feil", eller iallfall at det kan ha behov for nyansering.

Så eg går mitt tjueandre år imøte med godt mot, med god tru på at det skal fortsetje slik som det har byrja - å vere eit herleg år med mange stilige hendingar.

onsdag 3. februar 2010

Historia om menneskerettane


Where after all do universal human rights begin? In small places, close to home - so close and so small that they cannot be seen on any map of the world. Yet they are the world of the individual person.


- Eleanor Roosevelt


http://www.youtube.com/watch?v=Ot8YGiRtB7U

måndag 1. februar 2010

The pursuit of pleasure must be the goal of every rational person.

- Voltaire (1694-1778)