onsdag 10. februar 2010

Nye eventyr

No når eit nytt semester har byrja er det berre å leite fram motivasjonen og lese iveg. Utfordringar som står for tur er blant anna å argumentere for kva europeisk land som er mest demokratisk, og kva konsekvensar revolusjonen i Iran hadde for dei andre landa i Midtausten.

Eg ser fram til våren. Her i England er det nok vårleg i forhold til heime, men det er ganske kaldt og nokre få snøfnugg dalar ned no og då. Eller "snowstorm" som dei kallar det. Det skal bli fint med ei sol som varmar litt meir.

Studeringa skal bli gøy, sjølv om det er mykje å lese. Mange spanande problemstillingar å diskutere og mange forskjellege meiningar om saker og ting. Ein av fordelane ved å få studere i eit anna land er at ein får lære av andre som kjem frå andre kulturar og synsvinklar. Det er så viktig å kunne greie å sjå ting frå ein annan kant. Det er ikkje alltid like enkelt, men det er inga unnskulding. Ein må vere open for at sitt eige syn kan vere "feil", eller iallfall at det kan ha behov for nyansering.

Så eg går mitt tjueandre år imøte med godt mot, med god tru på at det skal fortsetje slik som det har byrja - å vere eit herleg år med mange stilige hendingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar