fredag 21. mai 2010

I Radioresepsjonen sitt minne

Den 17. mai hadde Radioresepsjonen si siste sending på P3.

Steinar "Basse" Sagen (programleiar), Tore Sagen (teknikar/spydig kommentator) og den noko eldre Bjarte Tjøstheim (artig sidekick) har levert lettbeint underhaldning i to timar kvar føremiddag, mandag til torsdag, i fire år no. Til dokke som ikkje har høyrt på (eller om) dei - velkomen etter. No er det for seint. Det var lettbeintleik på høgt nivå.

Dei skal lage fjernsynsprogram til hausten. Det blir mildt sagt veldig rart.

Ikkje meir Trude som tek abortar i hytt og ver, eller Spencer, Bjarte sin sjølvdestruktive son (?) frå Stavanger, som alltid har nokre lystige historier på lager.

Slik er det. Ting tek slutt. Vemodig er det, men det går bra, trass alt. Livet stoppar ikkje fordi vi ikkje får høyre tre karar brøle SUUUUUUUUUUUUPERTIRSDAG mot oss kvar veke på ei stund. For, ja, dei kjem tilbake. Ein gong.

For mimringa si skuld - her er det første eg tenkjer på når eg tenkjer på Radioresepsjonen:
Stavmiksar
Softgun
Bassolini
Sjåfør! Står utafor! Hvor er du??
The Mouse and the Donkey
Øl-testen
Bjørn Eidsvåg
Holmlia folkehøgskule
Hva har du gjort de siste 24 timer?


Takk skal dokke ha alle tre, for utallege smil og latterkuler, og (sjølv om det eigentleg ikkje er lov å seie) særs god stemning!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar