Eg held på å lese mi første bok av amerikanske Bill Bryson - Notes from a Big Country. Etter å ha budd i England i nærmare tjue år, flytta han og familien til New Hampshire, USA. Denne boka er ei samling av spalter han skreiv i eit britisk magasin tett etter han reiste heim, på midten av 90-talet.
Resultatet er eit ganske artig perspektiv på USA.
Alle amerikanarar har store kjellarar, viss du lurte. Og særs få blir brukt i særleg stor grad.
I matbutikken er det ofte minst to hundre forskjellege frukostblandingar. Flesteparten latar som dei er næringsrik kost, men er eigentleg berre sjokoladekjeks som du et med mjølk til.
Fjernsynsprogrammet består i hovudsak av reklamer, gjentaking av gamle episoder av gamle seriar, og endå litt meir reklame.
Ingen låser dørene sine når dei reiser heimafrå. Dette må for all del ikkje tolkast som eit kjenneteikn på heile USA. For dette store landet er som kjent delt inn i monge små "land" som er veldig forskjellege, med mange forskjellege ubrukelege, meiningslause lover. Dette er New Hampshire.
Eitt av kapitla heiter Why No One Walks, og det byrjar slik: I'll tell you this, but you have to promise that it will get no further. Not long after we moved here we had the people next door over for dinner and - I swear this is true - they drove. Skal du noko, så køyrer du. Så enkelt er det.
Noko eg gjerne vil oppleve ein gong er hausten i New England. Forfattaren skildrar ein haustdag når han køyrde til Vermont og gjekk opp Killington Peak, i hjartet av Dei Grøne Fjella. Både bilete frå dette området og måten han skriv om det på gjer at ein nesten får lyst til at hausten skal kome no med ein gong. At lauva skal bli raude, gule og oransje, at lufta skal bli skarp og kald, og at ein igjen må ha på seg skjerf og vottar når ein går utanfor dør. Då er denne delen av verda i sitt ess, og utforskartrangen inni meg har svært lyst til å sjå det.
USA hadde nok forandra seg ein del frå det Bill Bryson hugsar då han voks opp der. Slik er det. Eg har det gøy når eg les boka hans, men eg kjenner at det er godt det er i små stykker om gongen. Ei heil bok hadde kanskje blitt litt i meste laget.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar