Det å sette pris på små ting, enkle gleder, trur eg er vesentleg for å vere glad. Og glade vil vi vel helst vere, alle saman, mesteparten av tida? Og det fine er at det å gjere nokon andre glad er ofte veldig enkelt å få til.
Eg blir glad av
...å bli overraska
...å vere i skogen
...å lese ei bra bok
...å mimre
...å høyre på bra musikk
...å høyre folk seie "takk" når dei går av bussen
...å bade ute
...å klatre
...å greie noko eg aldri trudde eg kom til å få til
...å spele eit instrument
...å dagdrøyme
...å høyre andre le
...å skrive
...å oppdage nye, fine ting
...å finne ny musikk
...å lese dikt
...å vere til nytte
...å drikke te
...å gjere andre glade
...å bli inspirert
...å tenke at alt er mogleg
...omtanke
...mangfald
...undring
...vind
...fine ord, som til dømes: Herleg, undre og kjærleik.
...tanken på at alle kan gjere litt for alle
...Astrid Lindgren sine forteljingar
...bokhandlar
...å sjå born som har det bra
...å leike i snøen
...å bruke fantasien
Lister er bra.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar