søndag 10. januar 2010

Herleg og småstilig

Det vesle landet ved bekken er som kjent ein stad for små hendingar og store tankar.

Der Dustefjerten kastar ploppesteinar og Andungen veks og et pudding. Bollefisen klør i nasen og er våt på beina. Holesnusken hogg ved og et brød som ikkje er så gammalt at det er mygla, men heller ikkje så nytt at det kostar noko. Kavringreven går rundt på konditoriet og skriv vårdikt. Oktava syng og drøymer om ein kjærast. Og berghøna ligg djupt inn i skogen på ein kald stein.



Om dette er ukjent for deg, så er det på tide å reise til det vesle landet.
Dette er ikkje berre for born. Barnebøker kan vere klokare og meir underfundige enn mange ofte trur, akkurat slik som borna.


"Kva er det vi blir når vi blir store? Kor blir det av alt det rare vi gjorde?
Kva er det ein hugsar når ein vil gløyma? Kva er det ein finn når ein vil gøyma?"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar