laurdag 2. januar 2010

Og godt nytt år !

Draum og røynd

Eg ottast denne kalde verd
med klang av jarn og stål,
den nakne røynd som mot meg skjer
og bod um kvardags plikter ber
forutan tid og tol.

Ein drøymar sett i ståk og jag,
ubudd til storm og strid,
er hjelpelaus i livsens slag
og dømd til blodig nederlag
fyrr han til slutt er fri.

Men kvar stend skrive, kven har sagt
at denne røyndi her,
som nådelaus med grådig makt
har alt i sine lekkjer lagt,
meir enn ein draum er verd?

Drøym draumen din, lev livet rikt!
Og kva som mest er sant:
ein spikar eller dette dikt,
det kan vel verta ser um likt
set frå den rette kant.




- Olav H. Hauge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar