torsdag 12. august 2010

Skreddar-Nils

Det biletet som ruvar øvst på denne bloggen er frå ein kjellar i eit lite, koseleg hus som heiter Soltun. Veska tilhøyrde bestefaren min - Skreddar-Nils. Her i denne kjellaren hadde han sin verkstad. Her sydde og reparerte han kle til både store og små i heile bygda.

Sjølv om ein ikkje lenger kan høyre trekkspeltonar blanda med plystring strøyme ut kjellardøra, sitt minnene i veggane. Det er lyden av ein kunstnar.

1 kommentar:

  1. Når vi e på Soltun, vokna ej av og til tidlig om morgenen fordi ej trur ej høre bestefar plystre på kjøkkenet :-)

    SvarSlett