tysdag 14. september 2010

Ordsmeden

Det var i den tid jeg gik omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den ...


Knut Hamsun. Ein forfattar av rang og ein viktig personlegdom som har prega vår historie, på godt og vondt.
Han vart født i 1859, og voks opp på Hamarøy i Nord-Noreg. Ein streng onkel gjorde barndomen vanskeleg for den unge diktaren, men kanskje danna nettopp dette bakteppet for det han skreiv i ettertid.

Bøkene hans er kjende godt utover Noregs grenser. Sult var gjennombrotsromanen hans i 1890. I 1920 fekk han Nobels litteraturpris for Markens grøde. Han har skildra menneske og samfunn på ein heilt spesiell måte.

Eg kan ikkje seie at eg er ein erfaren Hamsun-lesar. Eg har kome meg igjennom Victoria og første boka av Landstrykerne, eg har sett filmen basert på Pan, og har nett byrja på Sult.

Om Hamsun sitt liv veit eg lite. Som hjå dei fleste andre som kjenner til han har perioda rundt den andre verdskrigen og hans sympati med Hitler sitt regime blitt særleg framheva. Det kan med rette seiast at han hadde kontroversielle meiningar. Men hans personlegdom og meiningar er éin ting; forfattarskapet noko ganske anna. Klart, det første har sjølvsagt påverka det andre. Men sjølv om det er lett å dømme mannen for både det eine og det andre, lat bøkene få ha sin fortente plass i litteraturhistoria - dei har gitt monge mykje, og gjer det framleis.

Sjølv har eg litt vanskeleg for å kome inn i Hamsun si verd. Det tek litt tid å kome inn i hans univers av (ofte) underlege karakterar, tykkjer eg. Men det er ikkje vanskeleg å sjå at språket hans er i særklasse - han har ein eigen måte å skildre ting på som gjer dei levande for den som les om dei.
Som i dette lisje utdraget frå nettopp Sult, når hovudpersonen har gått tilbake til ei pantelånerbud for å hente noko han gløymde i ei vestelomme:

Det kunde ikke falde mig ind, sa jeg, at gå lange veier for en hvilkensomhelst blyant; men med denne her var det en anden sak, en egen årsak. Så ringe som den så ut hadde denne blyantstump simpelthen gjort mig til det jeg var i verden, så og si sat mig på min plass i livet ...
Jeg sa ikke mere. Manden kom helt bort til disken.
Jaså? sa han og så nysgjærrig på mig.
Med den blyant, fortsatte jeg koldblodig, hadde jeg skrevet min avhandling om den filosofiske erkjendelse i tre bind. Om han ikke hadde hørt den omtale?
Og manden syns nok at han hadde hørt navnet, titlen.
Ja, sa jeg, den var av mig den! Sa det måtte endelig ikke forundre ham at jeg vilde ha denne lille stubb blyant tilbake; den hadde altfor stort værd for mig, den var mig næsten som et lite menneske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar