tysdag 1. februar 2011

Det norske paradokset

"Det er typisk norsk å vere god", sa Gro Harlem Brundtland i sin nyttårstale i 1992.

Kanskje var 1991 eit sabla godt år, kva veit eg. Eg var berre fire år. Uansett, er det sant?

Det er typisk norsk å vere gjennomsnittleg god. Det er på same tid typisk norsk å vere naïv. Det er typisk norsk å tru at Norge er den beste plassen på jord å leve, og at alle ville ha gjort nettopp det viss dei kunne. Vi hamnar stadig på toppen av FN sine rangeringar basert på best levestandard o.l. Vi får det omtrent inn med morsmjølka. Ein typisk kommentar frå ein frustrert nordmann i utlandet som støtar på noko uvant vil vere, "Har dei ikkje forstått det endå??". Vi ligg altså eit hakk framom.

Trur vi.


Når eg kjem heim til Norge stussar eg alltid over framsidene til Dagbladet og VG, våre største aviser. Så blir eg oppriktig flau. Etter det fangar velstanden oppmerksomheita - den viser overalt. Ein gløymer det litt for kvar gong. Overflod av alt, på alle områder. Likevel kan ein lese på dei nemnte framsidene (om ein ser vekk ifrå hovudsaka om dagens vêr) om nordmenn som klagar på at geitosten smakar for mykje geit, og at flyturane deira til Syden blir forstyrra til bristepunktet av plagsomme born som lagar unødvendig mykje bråk.

Greit, eg skjønar at det kan vere bekymringar i Norge også. Det er ikkje eit perfekt land, faktisk. Men småleg klaging kan vi vel halde oss for gode til.


Sjølv om det kanskje er vanskeleg å tru for mange, so er det ikkje alle som vil ete brunost kvar einaste dag. Ikkje alle tykkjer det er kjekkast å tilbringe ein søndag framfor fjernsynet for å sjå på diverse kjepphøge karar gå på ski. Ikkje alle ynskjer å leve i minus ti grader i opptil fleire månadar. Og til trass for all velstand og overflod, så er det ikkje alle som kan tenkje seg å bu i Norge, uansett om det hadde vore ein villa på Oslo sin vestkant eller ei hytte på Finnmarksvidda. Ikkje hadde dei fått lov heller, for den saks skuld. I eit land der vi har såpass god plass må vi passe oss for å sleppe inn for monge av dei som faktisk treng det. Men det er ei anna sak.

Ein utforskar ved namn Amyr Klink sa ein gong: "Ein mann treng å reise til plassar han ikkje kjenner for å bryte ned den arrogansen som gjer at vi trur verda er slik vi tenkjer den er, og ikkje slik den er eller kan vere. Arrogansen som gjer oss til meistrar i noko vi aldri har sett, når vi bør vere nybyrjarar, og simpelthen reise og sjå det."

Det er ikkje typisk norsk å vere god. Men det er typisk norsk å tru det. Men for all del: Du må ikkje tru at du er noko, heller.

1 kommentar:

  1. For å seie det med Ivar Aasen:
    "Den som vida fer, er visare enn den som heime er"

    Godt skrive, Anita!

    SvarSlett