fredag 17. juli 2009

Barndomsminner

Å spikke trebåtar i garasja til bestefar, sette dei på "ishlje"-elva og springe ved sidan av, heilt ned til fjorden, om å gjere å kome først fram.

Å samle ihop sand og steinar, for so å sleppe dei ned i hola på storebrua, og høyre dei små ploppa i elva der nede.

Å vasse ut mellom tang og tare, i "kjempevarmt" vatn, tidlig sommar.

Å mase om fisketur.

Å sykle på mormor sin gamle, altfor store sykkel, med korg, tre gir, og bremse på trødene.

Å gå på Buda femten gongar dagleg.

Å kaste pilar dagen lang utan å bli lei. Å spele crocket heilt til dei andre blir lei.

Å sove på guleskrå, med elvasus og tjelden som skrik.

Å gå på Storvatnet.


Norddalen er inspirasjon.

1 kommentar:

  1. Heilt enig, Norddalen er inspirasjon!! Gler meg til eg får reise dit igjen! Fin blogg forresten!

    SvarSlett