måndag 13. juli 2009

Ein augneblink

Over ein månad i Geiranger er allereie over. Vi er for lengst komne inn i tralten med jobb kvar dag, som fører med seg at ingen, til ei kvar tid, veit kva slags dag det er . I den lille bobla i fjordenden står tida still medan ho flyg avgarde. 

Tysken har blitt sterkt forbetra. Det same har evna til å forstå italienarar. Eg er òg nokre litauiske ord rikare. Det hender eg blir lei av å prate engelsk, det er stort sett berre det eg gjer. Men fleire og fleire spanjolar finn vegen til Geiranger, so det er inga fare. Og nokre austlendingar stikk innom, sjølvsagt. 

Det er alt i alt monge artige menneske som passerar kvar einaste dag. Til dømes eldre britar. For halvanna veke sidan kom ein 85 år gammal engelskmann til Vinjenaustet, der Sara jobbar. Sidan han trudde ho var norsk (eigentleg er ho svensk), og sidan tysk er ganske likt norsk, snakka han likesågodt tysk til henne. Han ville ta bilete av henne for deretter å sende det i posten. I går kom der brev til Sara. Frå England. Frå ein Mr. (Texas!!) Ranger (ja, eg berre siterar). Der var postkort. Der var bilete av han ved sidan av eit troll i Olden. Der var bilete av Sara. Der var eit kyrkjehefte. Der var eit brev, med detaljerte kapittel. Og sist, men absolutt ikkje minst, var der strømpebukser. Stretchy strømpebukser. For det er billeg i England, skjønar du. Mr. Ranger hadde verkeleg slått på stortromma. Og Sara har visst meir i vente, for han avslutta med eit feiande: "Mehr strumpfhosen kommen. Auf wiedersehen!". Er det rart vi kjem tilbake år etter år, med slike godbitar i vente?

Men det er meir å gjere i Geiranger enn å jobbe. Eg gjekk for første gong bak Storseterfossen ein dag; den var mektig stor av iskaldt fjellvatn og buldra og bruste med all si kraft nedover Vesteråsdalen. Det er ikkje så skummelt som ein kanskje skulle tru. Og ein bør absolutt få det med seg dersom ein er i området. 
 Ein kveld leigde vi kajakkar og padla til Friaren. Det skal eg gjere fleire gongar. Å sitte på sjølve fjorden, å vere so liten mellom dei store fjella, er ei utruleg kjensle. Heile Geiranger blei sett frå eit anna perspektiv, og Dei Sju Systrene blei med eitt mykje meir fascinerande. Det var min første kajakktur og mine utrente armar fekk kjenne det. Men er ikkje det berre bra? Og på toppen av det heile er det miljøvennleg. Kva meir kan ein ynskje seg? 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar