laurdag 19. mars 2011

Eg kan godt forstå at denne bloggen (for dokke få som les den) kan verke forvirrande. Her er ikkje akkurat eit fast tema. Derav det ganske abstrakte namnet. Det er dikt og musikk og bilete og politikk om kvarandre. Når eg skriv det sann ser det ikkje så gale ut, og det er vel slik verda er også - mykje forskjelleg i ei god blanding.

Eg fylgjer godt med på det som skjer i Libya i desse dagar. Etter å ha sett meg lei på statsleiarar og FN-folk som fordømmar og kritiserar utan å gjere noko, blei eg overraska på torsdag då Tryggingsrådet godkjende militær handling mot Libya og Gaddafi sine styrker.
Det har no nett starta.

Gaddafi har vore leiar av Libya sidan 1969. Det er over fire tiår. Det seier seg sjølv, at når éin mann sitt med makta så lenge, så mistar han perspektiv etterkvart (om han i det heile tatt hadde noko frå før). Sjølvinnsikta kan vel seiast å vere minimal.

Det er først den siste tida Gaddafi har vore i rampelyset, med god grunn. Men han har, som sagt, vore aktiv lenge. Han kom til makta ved eit militærkupp i 1969. Og det hadde følgjer for fleire enn Libya sine innbyggjarar. Både Gaddafi og tidlegare president av Liberia Charles Taylor var involvert i borgarkrigen i Sierra Leone, ved å trene opp geriljastyrker. Denne konflikta var ei av dei verste på det afrikanske kontinentet i nyare tid (den varte frå 1991-2002), med omfattande og grusomme overgrep mot den sivile befolkninga. Seksual vald og barnesoldatar var vanleg. Charles Taylor har blitt framstilt for menneskerettsdomstolen i Sierra Leone og dømt der for sine handlingar. Det er første gong ein tidlegare president har blitt dømt for handlingar relatert til rekruttering og bruk av barnesoldatar i væpna konflikt. Gaddafi blei, som kjent, ikkje stilt for retten på same måte.

I tillegg til å ha supplert våpen til IRA, har Gaddafi hatt tilknyting til konflikter i Den Demokratiske Republikken Kongo og i Nord-Uganda. Han har med andre ord hatt ein finger med i spelet på fleire plan.

Med jernhand har han styrt Libya i over førti år.
Eg er, som dei fleste, ikkje spesielt glad i militære invasjonar. Men der er unntak. Eit samarbeid mellom Den Arabiske Ligaen og FN har aldri skjedd før på denne måten. Tryggingsrådet har vist at dei er i stand til å ta avgjersler (sjølv om det ikkje skjer så ofte). Korleis dette kjem til å ende er vanskeleg å seie. Men noko må gjerast. Det internasjonale samfunnet har, til sjuande og sist, eit ansvar for verdas befolkning. Når ein statsleiar so klart avviser sitt ansvar for sitt eige folk, må noko gjerast.



Eg har som ein teori om at "moderne" menneske må sette ting i boksar. Vi trur vi må kategorisere og dele inn i grupper for å forstå korleis ting heng saman. Vi har delt jorda inn i land (noko som i historisk samanheng er ganske nytt), og gitt kvart land suverenitet. Vi har laga ein verdsorganisasjon i form av FN, som er basert på denne inndelinga. Men det blir klarare og klarare at det store fokuset på suverenitet i verda i dag er problematisk. Vi har eit ansvar, men på same tid må ein respektere kvart land. Men kor longt skal den respekten gå? Og sidan kvar nasjon har sine ymse nasjonale interesser, noko som er umogleg å kome vekk ifrå, korleis skal ein kunne samarbeide om det beste for heile verdas befolkning?
Dobbeltmoralen er som oftast høg, både her og der.

Eg ser på inndelinga av land som uviktig i mitt syn av verda. Klart er vi forskjellege. Men eg kan vere mykje likare nokon frå Frankrike (til dømes), og kome betre overeins med denne personen, enn nokon frå mi eiga bygd i Noreg. Landegrensene har vi konstruert og desse linjene i landskapet er berre noko vi innbiller oss. Men denne fantasien har blitt så sterk at den skapar meir låkt enn godt. Vi kan ikkje fortsetje på denne måten. Det er berre å opne avisa og det blir klart etter eit par sider at det er på høg tid å endre noko fundamentalt.
Over tid er det kanskje mogleg. Men kvar skal ein byrja?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar