måndag 28. mars 2011

Refleksjonar

Eg har stor skrivelyst for tida, av og til er det slik.

Eg er i ferd med å avslutte ei bachelorutdanning i politikk og internasjonale relasjonar. Desse tre åra har eg lese mykje om krig, menneskerettar, korrupsjon, makt, fridom, ymse politiske teoriar, filosofi, folkemord, intervensjonar, demokrati, FN og andre organisasjonar, og so vidare. Eg har lært mykje. Men det er ikkje mogleg å kome vekk ifrå at å studere dette gjer at ein mistar litt trua på mennesket. Sjølvsagt er der mykje bra som blir gjort, av menneske både individuelt og i grupper. Men det er likevel klart at dei fleste tinga vi har lese og lært om er negativt lada.

Akkurat no skriv eg eit essay om kvinner og born i krig, og om vi treng spesielle menneskerettsmekanismer for å beskytte denne utsatte gruppa i væpna konflikter. Eg har nettopp lese ein artikkel som heiter: "The Politics of Identity and Sexual Violence: A Review of Bosnia and Rwanda". Det er grusomme ting å lese. Fleire gongar må eg stoppe opp ei god stund før eg greier å lese vidare. Då er det vanskeleg å tenkje seg korleis det er å bli utsett for noko slikt.
Artikkelen viser korleis offera, kvinner og borna deira, blir gjort skyldige etter krigen er over. Kvinner som blir valdtekne blir "ureine", og ungane dei får som eit resultat av valdtektene er ei skam for samfunnet. Identitetane deira blir forma av samfunnet, og dei står hjelpelause på sidelinja.

Groups and individuals tend to set themselves apart in regard to certain social categories. This tendency profoundly affects their behaviour in ways that validate and perpetuate their identities. Not only do these identities create social conflict between groups, but they give rise to national identities. These national identites have geographic implications as well. Frequently, identities are grounded in territories, and nation-states evolve as a consequence.

(...)

The way governments and society, in general, represent these identities reveals a great deal about the deeply rooted assumptions being made about gender, ethnicity, and race. The discourse that surrounds the issues of rape during wartime, for example, "ethnic cleansing", "racial hygiene", "genocidal babies", perpetuates myths about identity - that it is genetically determined, that it derives from the father, that it derives from the mother, that some blood is purer than other blood, and so forth. These discursive practices frequently lead to pervasive discrimination against specific social groups, outrageous acts of violence against women, and neglect of children who are born of rape during wartime.


Katgorisering og segregering av grupper fører til ingenting godt. Og som no verdssamfunnet burde vite av erfaring: I somme tilfelle kan det ha forferdelege konsekvensar.
I årevis før folkemordet i Rwanda (april-juli 1994) som tok livet av nærare éin million menneske, brukte Hutu-regjeringa propaganda for å skape sinne og fiendtlege kjensler mot Tutsi-befolkninga i landet. Oppfordringar om drap og utrydding blei vanlegare og vanlegare på den statlege radioen. Til slutt blei det normalt. Både dette og monge andre ting gjorde folkemordet i Rwanda mogleg. Ein kan sjå tilbake på landet si historie og kolonimaktene si herjing. Ein kan sjå på økonomiske forhold på 1980-talet, og korleis den internasjonale marknaden bidrog sterkt til å svekke den skjøre balansen i Rwanda. Der er monge hensyn å ta.
Sidan kvinner framleis i mange samfunn er avhengige av menn, er dei særleg utsatte når alvorlege konflikter bryt ut. Kvinna si rolle i Rwanda var å vere kone og å føde born. Jo fleire born, desto betre. Når desse "funksjonane" blir tatt frå dei gjennom krigshandlingar er det omtrent umogleg for dei å leve "normale" liv etterpå.

Så kan ein tenke: Korleis kan nokon gjere slike ting mot andre menneske? Det er umogleg å forstå til tider. Men då er det viktig å tenkje på kvar desse menneska kjem ifrå. Unge gutar heilt ned i 7-års-alderen blir ofte kidnappa og brukt som barnesoldatar. Ein slik bakgrunn resulterarat i at ingen lærer dei kva som er rett og gale. Alt dei hugsar og veit om er krig og grusomheiter. Kven er då verkeleg dei skuldige når desse gutane, nokre år seinare, begår forferdelege handlingar?


Slike ting les eg om. Det er alltid komplisert og der er aldri éitt svar. Men er det noko eg har lært desse tre åra, så er dette det viktigaste: Alltid prøv å sjå situasjonar frå ein annan synsvinkel enn din eigen. Viss noko har skjedd, prøv å finn ut kvifor. Kvifor gjer folk som dei gjer? Kvifor tenkjer dei som dei gjer? Kva er historia deira? Kva har dei blitt fortalt gjennom oppveksten om rett og gale, om andre menneske, om respekt og rettar? Korleis var foreldra deira sine liv, og har dei i det heile tatt kjent foreldra sine nokon gong? Kva slags val har dei blitt nødd til å ta i livet? Kva moglegheiter har dei hatt?

For der er aldri eit enkelt svar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar