måndag 28. mars 2011

Irrasjonell oppførsel

Verktyboksa på mitt skriveprogram har med eitt bestemt seg for å bli kjempestor. Heilt utan vidare. Den passar som regel fint oppe i høgre hjørnet, og gjer ikkje mykje av seg utan at eg trykker på ho. Men i dag har ho altså bestemt seg for å bli kjempestor. Sann er det. Når teknologien oppfører seg slik, heilt utan meining, så er det ikkje lett å begripe seg på.

For å vere ærleg så er det ikkje noko stort problem. Eller: stort er det, men eg kan takle det. Eg kan finne andre måtar å endre skrivestorleik på. Eg kan til og med skrive i kursiv om eg vil. Og so kan eg markere dei viktigaste frasene med den fargen eg vil. So det so.

Men… Kva skjer når eg må endre linjeavstand? Og det må eg rett nok ganske ofte. Svaret er: Bruke den kjempestore verktyboksa. For den verkar fint. Den er berre, som sagt, kjempestor.

Så når eg tenkjer meg om er vel dette innlegget ganske meiningslaust, og eg har ingenting å klage over. Jaja, sann kan det gå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar