onsdag 31. mars 2010

Den store vårdagen

Kven er det som kviskrar i natta sitt øyra,
så stille og fint at ingen kan høyra?

Kva er det vi blir når vi blir store?
Kvar blir det av alt det rare vi gjorde?

Kva er det ein hugsar når ein vil gløyma?
Kva er det ein finn når ein vil gøyma?

Kven er det som lever på snø og på minne,
og alltid er ute når andre er inne?

Kva gjer ein når kjærleiken finn seg ein nase,
og tankane vittar seg saman i vase?

Kva er det for noko som kitlar og klør?
Kven er det som plutseleg dreg på dør?

Kva skal ein med mot viss ein aldri er redd?
Kva skal ein fortelja viss ingenting har skjedd?

Kva er det som brest i vinterens mage,
så det atter blir liv i skog og i hage?

Korleis kan våren på same tid
gjere
ein så trist og ein annan så blid?

Kva er det med trøysta som trøystar så godt
både den som har gitt trøyst og den som har fått?

Kva er det med høner som ligg på steinar?
Kva er det dei ligg der og ligg der og meinar?

Kva er det ho drøymer om når ho drøymer?
Kva er det for løyndomar draumene gøymer?

Kven er liten og kven er stor,
når vi ligg inni natta utan eit ord?

Hugsar nettene alt vi seier,
og så står dei berre og teier og teier?

Kva er det vi finn når snøen renn vekk,
og kven kan vel leve utan ein bekk?

Kva er eit minne og kva er det det seier,
seier det alltid det som det pleier?

Kva er det som brått er så vanleg som før,
og finst det svar nok til alle som spør?



Frå "Dustefjerten og Den Store Vårdagen", av Rune Belsvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar