søndag 7. mars 2010

"I dag våkner jeg og har mange tanker. Helt sikkert mer enn fem. Det er et mas."

Eg er oppriktig glad i Erlend Loe.

Eg har lese mykje rart, men bøkene han har skrive er vel noko av det mest rare og herlege ein kan kome over. Dette er orda som dukkar opp i hovudet mitt når eg tenkjer Erlend Loe: Bankebrett, kaste, Lånekassa, Stillehavet, Kurt, venn, jentenes periodiske system, Bongo, mjølk, Volvo, høgremann, telt, Kirsti Brud, Bud, fisk, støvsugar, Martin, crocket. Eit forfattarskap med slike ingrediensar må berre bli bra.

Sjølv om eg har vanskeleg for å velje meg ein favoritt, så var det "Naiv.Super" eg las først. Der er monge gullkorn, som til dømes:


Jeg har to venner. En god og en dårlig. Og så har jeg min bror.

og

Jeg gir stort sett faen i rom. Men jeg har problemer med tid.

og

Perspektiv. Perspektiv burde være noe man kunne kjøpe og sette intravenøst.

og

Vann er en god ting. Hvis jeg måtte velge mellom alle ting, ville jeg ganske sikkert ha valgt vann.

og sist, men ikkje minst:

Det er noe som er veldig bra med å kaste. Jeg vet ikke helt hva det er. Flere burde kaste. Vi burde kaste alle sammen. Da ville ting sett annerledes ut. Vi ville vært gladere.


Det er naivt. Og supermorosamt. Ved første augekast verkar det kanskje ikkje slik, men der er alltid ein annan dimensjon ved desse bøkene, der ligg alltid noko under. Det er ikkje berre tøys og tull. Ikkje berre fjas, sjølv om ein kan vedgå at teorien til hovudpersonen i "L" er litt i tynnaste laget og ikkje til å ta heilt seriøst.
Han har skapt ein eigen sjanger.

Og har du ein venn som omtrent aldri har lese ei bok, gi han ei om Kurt. Det er ikkje mogleg å ikkje like Kurt (sjølv om han, til tider, kan stå i fare for å bli grusom), for han har både tre born, ein gul truck, ei kone som heiter Anne-Lise, og bart.


2 kommentarer:

  1. Hadde foredrag om Erlend Loe i 10.klasse og brukte veldig mange av dissa sitata der. Ej elska bøkene til Erlend Loe! Forstår ikkje at det går an å finne opp so utrulig mange morsome utsagn! Trur "Naiv.Super." e mi favorittbok. Må bere takke for at du ga mej "L" i bursdagsgåve for noken år sida :)

    SvarSlett
  2. Inga orsak :) Kor bra at du lika dei du ogsaa! Trur faktisk Naiv.Super e min favoritt med. Ej skreiv saeremne om Erlend Loe paa gymnas, so dissa sitata kom godt med daa ogsaa.

    SvarSlett