måndag 1. mars 2010

Fairtrade Fortnight

I desse dagar er det "Fairtrade Fortnight" i England. Altså: to veker med fokus på rettferdig handel. Dette er ei årleg hending.

Det er ikkje vanskeleg å finne produkt som er merka med "fairtrade"-symbolet i England, uansett kva slags butikk ein besøker. Det er sjokolade, kaffi, klesplagg, te, vin, sukker, og mykje anna. Og det er veldig gode produkt, som ofte ikkje er dyrare enn alternativa. For meir info om kva dette dreiar seg om, sjå: http://www.fairtrade.org.uk/thebigswap/

I år handlar det om byting - "the big swap". Alle oppfordrast til å byte ut det dei vanlegvis kjøper med eit "fairtrade"-produkt. Og gjerne halde fram med å gjere det. Det burde vere ei ganske grei oppgåve for dei fleste. Sjølv i Noreg er det mogleg å finne slike produkt i butikkane, om enn i mykje mindre grad enn her.

Det kan sjølvsagt diskuterast om "fairtrade" er heilt rettferdig. Men det er ei god byrjing. Ein må starte ein eller annan plass, og dette er ein god måte å gjere det på. Dei har oppnådd mykje allereie.

Så er det berre opp til oss å høyre etter, lære, og kanskje endre vanane våra ein smule.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar