onsdag 24. mars 2010

Dette er litt skummelt

Målet er der
fint og klart,
men strekk han til?
Han gir opp snart.

Strekk ut handa,
få godt tak!
Ta ein sjanse!
Han er for svak.

Men nett då kjem sola fram,
og snart står han som
ny - ein stad
dei andre berre drøymer om.


Eg legg ofte ut dikt andre har skrive, fordi eg likar dei så godt. Men dette har eg skrive sjølv. På toget mellom Waterloo og Berrylands i London, etter å ha vore å klatra. Og det er litt skummelt å vise fram. Ikkje fordi eg trur det er spesielt bra, eller fordi eg trur det er så frykteleg monge som kjem til å lese det, men berre fordi det er noko eg har skrive. Det er eit produkt av min fantasi.

Klatring er noko alle, ein eller annan gong i livet bør prøve. Fordi:

Det er gøy.
Det er utfordrande.
Det kan vere skummelt.
Det gir ei god kjensle av meistring.
Det er leik.
Det er bra trening, på mange måtar.
Det er spanande.

Det er, med andre ord, ein herleg ting å bruke tida si på. Og so inspirerar det andre delar av livet. Det gjer rett og slett livet gladare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar